tysdag 9. juni 2009

Møtemaraton

Stoppesteder i helgen:

1. Kaker
2. Foto
3. Prest
4. Glasskirka
5. Lunsj
6. Han & Henne
7. Kjole og sko (Drammen)
8. Grand
9. Nufseriet

Mat i Engerland

Ser eg har skrive for ein månad at eg skulle kome attende til den engelske (=britiske) kokkekunsten. På kveldsmat er dei brukbare, iallfall på lasagne, pasta og pizza. Men å eta kåbbåimat te frukost alle dagar i veka er sju dagar for mykje. Egg og beiken er greitt nok, men når speilegget er meir raudt enn gult, og det i tillegg følgjer med eit lass med bønner og illeluktande småpølser så er eg glad for at det finnst kjeks i denne verda. Og då har eg ikkje sagt noko om at brød=rista loff. Kan lova at det vart andre kokosbollar då eg kom heimatt til moderlandet. Nøff said.

Mykje fyll på ein fredag føremiddag

Me var tilfeldigvis på Kongsberg i helgi, noko som betydde ein prat med fotograf, prest, hotellhovmeistar og ikkje minst ei vitjing hjå den lokale bakaren. I tillegg var Sigrid på eit ubegripeleg langt opphald inne hjå ein hårklippar, men der fekk ikkje eg vere med. Men attende til den lokale bakaren, Det har vore litt fram og tilbake med den dere bryllaupskaka, men no hadde me avtalt at Lampeland skulle få den store æra. Me møter opp kl 11 fredag føremiddag, berre ein time etter frukost, og forventar at smaksprøvane av kakefyllet er nokre klattar på ein asjett. Oh no, her var det fem digre kakestykkje som vart sett fram framføre den kakemonsen eg er. Ok, så måtte eg dele med Sigrid, men lika loll. Etter ein del fyll fann me heldigvis ut korleis bryllaupskaka vert:-)

Det vart forresten tvangstrimming på oss på fredag sidan garasjenøkkelen var borte vekk då me skulle avgarde. Håpar ikkje presten tok det ille opp at me difor ramla inn eit kvarter på overtid. Ho sa no ingenting...

Og på heimvegen sundag var me inom Bærum og fekk helst på Tore og Kjersti og Mathias og Martin. Så no er det litt færre av dei inviterte som eg ikkje kjenner.




Utsyn frå Magasinparken mot Lågen og Kongsberg kirke

tysdag 2. juni 2009

Ikkje ta sigeren på forskot, ikkje sel skinnet osv...

Me (=eg og Sigrid) tykte me fortente å slappa litt av etter ei stri helg (=dobbelt foreldrebesøk...) og dermed vart det brettspel og Ticket to ride måndagskvelden. Eg tykte eg kom utruleg godt ut av det drygt halvveges og utbasunerte nok eit eller anna som kunne tolkast dit hen at eg ikkje kom til å tape. Kort fortalt så vart det ikkje noko sal av bjørneskinn på meg sidan Sigrid slo meg med fattige tre poeng...

Var såvidt inne på foreldrevitjinga me hadde, så då får det no nemnast at Signe og Svein kom på torsdag, medan mammao og papan skvatt inn døri seint laugardag, så seint at dei måtte nøye seg med fuglemat. Sundag var det frukost, ikkje i det fri for seks er minst ein for mange på verandaen, før me tok vegen til Skafferiet på Helgøya. det var mange som hadde hatt same tanken, men me rappa til oss både bord og etter kvart nok sitteplassar også. Lokalavisa HA (med eit opplag nokre gonger større enn kjære Sogn Avis) var også på plass sidan det var eitt år sidan etablissementet opna og dermed kom nokre av oss på framsida i dag (om enn noko utydeleg sidan me er i klassen linselus inne i skuggen under eit kastanjetre).
Så var det heim att og god mat og soling på verandaen. Altså ein triveleg morgon, ein triveleg dag, og ein triveleg kveld og alle la seg mette og nøgde.
Og så kom måndagen og etter frukosten var alle samde om at det var kjekt å treffast og at det måtte dei gjere att snart. Og då passar det jo godt at me har planlagt eit bryllaup i nær framtid.
Så fort dei var skyssa vel av gårde i sine respektive himmelretningar kunne me berre leggje oss på verandaen med kvar vår bok og atter nyte fridomen. Nope, her var det på med målarhabitten og deltaking i dugnad med innlagt ertesuppe:-) Etter drygt eit døgn, med pause for søvn og jobb er me no om lag ferdige med vårt, og kan endeleg ete meir kake att. Kakerestar er like godt som kake.