måndag 22. mars 2010

Helgetur til Liomsæter

Sist helg var me på årets første overnattingstur, og Liomsætra i Huldreheimen (tidl. Gausdal vestfjell) var målet. Hytta er betjent og dermed er det både 3-rettars middag, frukost og dusj å få. Og utedo. Liomsætra opna fredag og me var difor nokre av dei første gjestene i vinter.

Me var, som vanleg litt slitne etter ei lang jobbveke, og hadde bestemt oss for å sove ut før me reiste til fjells. Klokka var ni då mobilen ringte og litt meir då me stod opp, og frukost vart det ikkje før kl 10. Litt før tolv var det avreise, men før E6, vart det ein tur innom apotek og G-sport.

E6 til Vingrom, Saksumsdalen, Auggedalen og Vestre Gausdal vart tilbakelagt før me kunne parkere på Synstgardsætra der kvstinga til hytta byrja. Klister har aldri vore favoritten, så me byrja med raud voks. Det funka ikkje i 200 meter, og det var berre å finne fram skrapa, og deretter raudt klister. Skia sat betre, og me seig avgarde på klisterføret.

Det var ei grei rute me hadde denne helga. Frå parkeringsplassen og til Liomsæter var det 14 km, og med start på 900 moh, høgste punkt på 1020 moh, og hytta på 900 moh, seier det seg sjølv at dette var ein skikkeleg kosetur. I tillegg var det trikkeskinnespor dei fire første kilometrane, og scooterspor resten. Den store ulempa var at snøen var så dårleg, at det i praksis ikkje var mogleg å bevege seg utanfor det ein meter breie sporet utan at me gjekk rett gjennom snøen og stod bom fast.



Det gjekk smått i godveret, men det var ein fin dag på tur og det virka som at me hadde fjellet for oss sjølve. Halvveges tok me av frå grusvegen inn mot Revsjøen og det vart iallfall, om enn berre eit par smular, litt meir småkupert terreng. Trea som hadde beskytta oss mot vinden då me gjekk på vegen, var no borte og det vart noko kjølig med ein kald bris rett i fleisen. Ei bru med lite snø vart passert og opp dagens siste lengre kneik vart me veldig kalde. På toppen tok me ein tvangspause for å få i oss litt mat og drikke, før me sette utover siste veldig lange bakken til Liomsætra. Tvangspausen var forresten inne i vindsekken grunna, ja nettopp, vinden.

Bakken nedover gjekk fint, men Sigrid oppdaga at det ikkje var så lett å ploge/styre grunna kombinasjonen bakglatte ski, klabbete ski, uggent føre, klisterføre, klister under skia og det faktum at det ikkje var mogleg å køyre utanom den ein meter breie løypa utan å forsvinne ein halv meter ned i den rotne snøen.

Nuvel, Sigrid heldt seg no på skia og etter ei lita kneik i bånn av bakken såg me ned på Liomsætra. Skal tippe det var ca 250 meter slakt nedover, men grunna dei forholda som akkurat var skildra, vart det ei interessant ferd. For å seie det slik: Eg greidde på eit eller anna vis å ploge dei første rundt 50 metrane, før sporet og snøen gjorde det uråd å fortsette med denne stilen. Då måtte eg stå nedover med samla ski, noko som resulterte i at farten auka jamt, medan eg febrilsk sikta mellom grindestolpane eg såg der nede. Stundom tenkte eg at dette går heller dårleg, for så å kome litt på offensiven att. Då eg trudde det kom til å gå bra og hadde berre tjue meter att, mista eg diverre litt balanse i ei lita dump og då var det gjort. Trur det berre var Sigrid som såg meg, så då gjekk det no brukbart likevel.

Sigrid tok det litt rolegare på toppen (har alltid sagt at ho er ei fornuftig jente) og toppfarten vart difor litt mindre, og blanda med ein god grunnteknikk kom ho seg fall-laus ned til tunet på Liomsætra. På hytta var det 10-12 andre gjester, der me faktisk var yngst. Me fekk oss eit lite, men fint rom med dobbeltseng! Bra hytte altså, men det var eit minus at det ikkje var måka bort til utedoen. Snøen var nemleg pill rôten dei tjue metrane bort til dohuset...



Etter ein kjapp dusj, veldig kjapp for Sigrid sidan ho måtte velje mellom glovarmt og kaldt vatn, var det rett til bords og middag som fylte godt opp; Rømmegraut og spekemat og diverse anna godt, med fruktsalat som attpåklatt.

Kvelden gjekk sin vante gang med litt kiking i fjellbøker og kortspel (Ligretto som var pakka i plastpose med papir utanpå og inni ein rekeboks).

Det var framleis helg på søndagen og mobilen ringte difor ikkje før kl 8 (dvs me stod opp tre minutt før), då resten av hytta for lengst var oppegåande. Like greitt eigentleg, for det snødde og det var kjekt om nokon kunne trakke opp spor i nysnøen :-) Frukosten var som ein skikkeleg søndagsfrukost, dvs at me sat til bords i tre kvarter.

Vertskapet var veldig imøtekomande og me (og dei andre gjestene) fekk lov til å ta skia inn i tørkerommet for å rense dei for klister og deretter smøre dei med blå ekstra. Skirenslukta var heftig for å seie det mildt. Litt etter halv elleve lunta me avgarde med kartet godt pakka ned i sekken. Me skulle jo gå same vegen som i går, berre motsett. Plogebakken var nokonlunde ok, fiskebein er god trim og så var det slakt terreng heilt heim til bilen. Det hadde slutta å snø før me kom oss avgarde frå Liomsætra, og vinden var heller laber, så det var skikkeleg godt skiføre og godt å vere ute.


Eg hadde gløymt å teipe hælane, så etter litt gnissing den første timen måtte eg bruke fem minutt på å få på teip på venstre hæl då me kom til brua. Typisk nok kom det ein skuter då eg stod der på brua og eg måtte hoppe ut i den rotne snøen ved bruenden slik at skuteren kom seg forbi. Ikkje særleg godt med snø i skiskoa då nei der eg stod med snø til opp på låra. Ferda vidare var heilt superb og me naut kvart eit stavtak. Trur jammen me fekk litt utsyn vestover mot Jotneheimen og nordover mot Rondane før me fann att den litt nedsnødde bilen. Før det hadde me sjølvsagt fleire kosepausar for å fylle på med kjeks, skiver og Kvikk Lunsj. Og me var samde om at me hadde hatt ein flott tur!