måndag 5. april 2010

Påska 2010: Hyttevakt på Storkvelvbu

Palmehelga vart tilbragt i rolege omgjevnader heime i Brumunddal, måndag og tysdag var me på jobb, og det var difor onsdag før me sette oss i bilen med kurs for Synstgardsetra for andre gong på halvanna veke. Må forresten også nemne at Inger og Ottar var på triveleg kaffibesøk hjå oss på tysdagskvelden. Dei var så heldige at dei fekk smake gulrotkaka til Sigrid. Kaka vart naturleg nok oppeten.

Me var ikkje så heldige med veret denne påskeonsdagen. Eigentleg skikkeleg skitver, og me køyrde difor godvegen om Segalstad bru, noko lengre rett nok, men betre veg. Opp Vestre Gausdal var det så flatt lys at me sleit med å sjå kvar vegkanten var... Me hadde vore på rekognosering halvanna veka tidlegare (sjå turen til Liomsæter) så me fann bomvegen opp til Synstgardsetra greit (sjåføren var veldig glad for at dei få bilane me møtte på veg opp veik pent og pynteleg til sides).

Skituren inn/opp til Storkvelvbu vart vonlaus. Underteikna var dritsur etter tre km, noko Sigrid kunne stadfeste. Heldigvis var ho meir positiv (og konstruktiv) og etter seks knallharde timar kom me fram. Grunnen til at underteikna var dritsur. Ising i skia medførte klabbing i samfulle 18 km:-( Isinga var ikkje til å unngå, skia var heilt rensa for skismøring, men diverse striper frå gamle synder (les: har gått over stokk og stein på vårskiturar) medførte at det vart ein forferdeleg skitur. Sigrid hadde litt betre ski, og eit langt betre humør, og me kom altså fram etter nokre skiver, sjokolade og saft.


Berre eit lite utval av snopet som var med i sekken (hadde med så mykje at noko av det vart med heimatt)


Sola prøvde seg frampå


Skikkeleg god dessert:-)


Sigrid på tur i skiftande ver


Hyttene på Storkvelvbu

Opphaldet på Storkvelvbu var fram til 1. påskedag og sidan føret vart så vonlaust på onsdagen, og veret på torsdagen gjorde det om mogleg meir vonlaust så kom det berre fire gjester frå torsdag til sundag. Me greidde oss sjølvsagt fint, sjølv om det naturleg nok diverre knapt vart nokon skiturar på oss. Tida gjekk mellom anna med til VG-quiz, lesing, Påskelabyrinten og andre radioprogram, matlaging, snopeting (i store mengder), snøsmelting, vedhenting, hogging av opptenningsved, snømåkin og ymse rydding i båe hyttene. I tillegg prøvde underteikna å finne vatn i bekken slik at me slapp snøsmeltinga, men etter å ha gravd to meter ned i ein meters breidde og to meters lengde var det berre stein og ikkje vatn der elva går om sommaren.


Sigrid i godt driv


Sikringshytta der me var installert på hyttevaktrommet


Den tradisjonelle utedoen

Heimturen sundag gjekk langt betre og i flott ver vart det reint idyllisk. Rett nok vart det litt klabbing rundt halvveges, men det forsvann som dogg for sola då me kom inn på løypenettet og kunne kose oss ned til bilen i oppkøyrte løyper.


På veg heim


Greitt å treffe rett her...


Pause i godveret


Snøen var litt roten...

Og alle var samde om at det var ei fin påske:-)