laurdag 29. mai 2010

Langhelg i Stockholm

Pinsehelgi var me på skikkeleg ferietur til Stockholm, som vil sei fly bort tidleg om føremiddagen på fredag, tre netter på Scandic Norra Bantorget i sentrum og ein kjempefin togtur heimatte på 2. pinsedag. I Stockholm vart fredagen nytta til shopping, medan på laurdagen var det litt shopping, men mest roleg sightseeing med Hop-On-Hop-Off-båt der me var innom diverse øyer i sentrum.

Me var innom Vasamuseet og såg på båten som fekk ein altfor kort seglas, men det var òg det einaste museet me vitja denne dagen. Me var bortom Skansen, men innsåg at skulle me først innom portane der, så burde me ha ein heil dag. Veret var herleg denne dagen, så det vart sjølvsagt årets første soft-is på underteikna (soft-is heiter forresten mjuk-is på svensk, eigentleg eit godt ord som me burde bruka på norsk òg).

Søndag var det vêromslag, så med lågare lufttemperatur og regnbyger passa det godt å bruke eit par timar på slottet åt han Carl XVI Gustaf. Der var dei alt i gong med planlegginga av giftarmålet og tilhøyrande fest som skal vere om nokre veker, men me rekna med at dei hadde alt under kontroll så me spurde ikkje om dei hadde bruk for litt hjelp. Nokre timar shopping fekk me no tid til denne dagen òg (butikkane i sentrum er stort sett opne 11-17 på sundagar og pinsedag er ikkje noko særleg til heilagdag i Sverige). Me såg forresten ein Fjord1 Sogn Billag buss midt i sentrum denne dagen:-)

Måndag var det tid for å forlate byen, men me fekk no tid til litt skjorte- og bokhandel denne dagen òg:-) Togturen var veldig triveleg og ein ypparleg avslutning på ei herleg helg.

Kungliga slottet i Stockholm

Sjarmerande smug i Gamla stan

Kveldsstemning ved Stortorget

Noko av den enorme utsmykkinga på Vasa

Guiden syner fram og forklarar korleis dagleglivet skulle vere ombord

Vasa sett frå akter

Utsmykking akter

Yrande liv på sjøen i godveret i Stockholm

Ein veldig fin dag til båtsightseeing

Den meir fornemme delen av Stockholm

Djurgården 4, ein typisk sightseeingbåt

Gröna Lund, tivoliet med seks berg- og dalbaner ved Skansen rett utanfor sentrum. Tårnet i midten av biletet er attraksjonen Fritt Fall Tilt, som er 80 m høg (det er ein gjeng på toppen klare for fritt fall...)

Sergels Torg, som er ei diger rundkøyring over ein stor open plass og eit kjøpesenter midt i sentrum

Staut kongepassar

Søndagsshow med garden

Søndagsshow med garden 2 (musikk frå heimevernet til høgre)

Søndagsshow med garden 3

Lustratur

For to veker sidan, dvs langhelgi med Kristi Himmelfartsdag og 17. mai, fekk me oss ein dugande god og lang ferie med opphald på Plaza Bringebakkane 17. I løpet av dagane var det vitjing av slekt og vener, fjellturar, god mat og 17. mai-feiring med is og ein quiz der me fiksa twist til ABT:-) Petter klaga på at eg alltid skriv so langt når eg bloggar, so denne gongen vert det ikkje meir;-)


Torsdagskvelden var me og mammao te Kilali for å skrive oss inn i boki som nummer 2, 3 og 4 i år


Fredags føremiddagen vart det ein rusletur inn i Uksadrogi etter at me først hadde vore på omsorgssenteret og besøkt besten


Etter ein betre middag var me so i Brennesteinane på fredagskvelden


Laurdag var tante Randi på besøk i Luster og ho måtte sjølvsagt ein tur på Berge


17. mai = flagg, is, rømmegraut og quiz


Flott utsyn mot Hurrungane 18. mai på heimveg til Hedemarken


Utsyn mot vegen Turtagrø-Årdal same dagen. Veldig lite snø i fjellet i år.

måndag 10. mai 2010

Håholmen

4.-6. mai var eg så heldig at eg og resten av dei på avdelinga mi i fylkeskommunen var på avdelingstur til Romsdal og Nordmøre.

Kort oppsummert var opplegget avreise frå Lillehammer kl 1430 tysdag ettermiddag, med ankomst Atlanterhavsvegen kl 2130 om kvelden. Då hadde me smakt middag på Dombås, stoppa for å sjå Trollveggen, sett Romsdalshorn gjennom bussglaset, ete svele på ferja Sølsnes-Åfarnes og sett Skaretbakken. Frå p-plassen ved Atlanterhavsvegen var det 5 minutt i Kvitserk, som er ein kopi av Saga Siglar, ut til Håholmen, eit verneverdig fiskevær, der me skulle vere i to døgn. Kort sagt, båten var flott, veret herleg og fiskeværet ein utruleg god plass å vere. Ikkje ofte eg kan gå eitt minutt frå rommet og sette meg ned og sjå på to havørnar sitte heilt i ro på naboholmen:-) Eller sjå steinkobbane som kosar seg på ein anna naboholme:-)


Trollveggen
Fire unge modellar som viste fram dei nye jakkane våre
Romsdalshorn
Knipsa på ferjekaia:-)
Kvitserk
Då er me nesten klare for knappe to døgn i Hustadvika
Håholmen
Onsdag var det frukost før det bar ut i Hustadvika ombord i Kvitserk. Sjøen var om lag blank, sola skein og solkremen smurt utover andletet. Det vart sjølvsagt flotte timar ombord, sjølv om ingen, ikkje eg ein gong, fekk fisk. Det siste var kanskje like greitt... Fiskesuppa var noko av det beste eg har smakt av den sorten så då fekk det heller gå dårleg med fisket.


Sentrum på Håholmen
Den mindre tettbygde delen av Håholmen med Hustadvika og öppna hav i bakgrunnen
Havørna kan skimtast til høgre for naustet
Havørnene kan såvidt skimtast på kvar si side av naustet, med storslagent utsyn
Kvitserk er klar i strålande ver
Skipparen peikar og forklarar
Me var eit strålande syn i flytedressane våre
På veg inn att til Håholmen etter ein fantastisk båttur
Vel inne til land var det tid for teamaktivitetar, som betydde at dei fire laga me var delt inn i skulle prøve å gjere det best mogleg i litt uvante konkurransar. Desse konkurransane var styltegåing, blåsekasting, edderkoppnett, tømmerrulle, spikar (stable 20 spikrar oppå 1 spikar), kajakkpadling, planken (friviljug, og alle dei tre på avdelinga som prøvde, hamna i vatnet...) og quiz (med rebus for å finne spørsmåla). Må vel nemne at dei tre som gjekk planken også greidde å kome seg over sidan dei prøvde nokre gonger, så mykje heder til dei.


Terje viser gode balansetakter
Team Kristin er i gang med presisjonsdelen av blåsekastinga
Det var veldig morosamt, og når det gjeld resultatet, så vel..., det viktigaste er å delta:-) Må i den samanheng nemne at laget eg var så heldig å vere med på, vann rebusen me hadde i bussen på veg til Nordmøre (77 rette av 100 moglege). Og det var det viktigaste, for premien var ein twistpose på deling:-)


Etter konkurransen var over, forsvann dei fleste på vorspiel, men dei tre økonomane på avdelinga måtte vise resten kven som er spreke, så eg fekk meg då ein kjempeflott padletur på ein god halvtime rundt lokale holmar og skjær. Veldig moro, så kanskje vert det fleire padleturar? Etter ein kjapp dusj, var det historietime og film om Ragnar Torseth, før ein knakande god breiflabbmiddag. Resten av kvelden er hemmeleg...
Rommet mitt (nr 4 i Hotten). Som de ser, ingen tv...


På bryggjekanten
Rommet mitt var heilt til høgre i det raude huset i midten
Eit av bustadområda på Håholmen
Brenneriet (no er det overnatting der, kan nok vere at bygget vart nytta til annan aktivitet tidlegare)
Håholmen city centre
Torsdagen var det frukost og heimover, med eit langt stopp i Molde. Der vitja me fylkeskommunen i nokre timar og fekk ein del fagleg påfyll. Etter fylkeshusbesøket hadde me fri i halvannan time og rusla litt rundt i sentrum og såg på folkelivet, åt is og sneik oss inn på Aker stadion.
Kvitserk klar for siste reis med Opplandstrafikk (iallfall for denne gongen)
Ein nøgd gjeng klare for den lange vegen heimatt
Kobben storkoste seg ved Håholmen
Sunn norsk ungdom klare for sightseeing i Molde
Ferje og deler av Moldepanoramaet, lett som svele for fotografen
Molde by sett frå Hurtigrutekaia
Aker stadion (aka Røkkeløkka)
Ved Røkkeløkka med Seilet og Romsdalsfjorden i bakgrunnen
Seilet og Romsdalsfjorden
TV2 og NRK gjer seg klare for årets storkamp: Molde - Aalesund (som forresten enda med 2-1 siger til heimelaget)
Er nok ikkje tilfeldig at kanonene er sikta inn mot Sunnmøre...
Heimturen gjekk høvesvis kjapt, med ferjetur (ikkje svele denne gongen sidan me fekk svele i Molde) og nok ein middag på Dombås. Fekk haik med Mona E til Moelv der eg akkurat rakk bussen til Brumunddal så eg slapp å vente ein time. Det var ein smule ubehageleg å passere fartsdumpane ved Kilde skole i fæle fart, men eg rakk jo bussen:-)
Og hina degen for ein fin tur:-)