Planen var å bruke nokre timar på Hopp-På-Hopp-Av-BussSightseeing og me hadde tenkt å hoppe på ved turistinfoen, ikkje så langt frå Grafton Street (handlegata rett ved parken). Meiningar er til for å skiftast, så på vegen dit fann me ut at me ville få med oss Temple Bar og den beste måten var til fots.
Dermed gjekk me gjennom Temple Bar før me hoppa på bussen ved det gamle rådhuset. Temple Bar er mest kjent for utelivet sitt, og det såg slik ut også, sjølv om me var der på høglys dag. Litt småbutikkar var det der, men eigentleg ikkje så mykje meir å finne på, iallfall ikkje i dagslys.
City Hall
Gateliv i Dublin
Ørjan på veg inn i Dublin Castle
Dublin Castle
Det var som nemnt Hopp-På-Hopp-Av-BussSightseeing, så me hoppa av på første stopp, og då var me på Dublin Castle (=Dublinslottet). Der var det stengt, men me rusla no rundt og såg oss litt om og tok nokre bilete. Det var eit fint bygg og me såg andre turistar som sikkert var samde i ein slik påstand. Neste stopp var katedralen, St. Patrick's Cathedral. Katedralen var (og er) stor og flott (den største kyrkja i Irland), men det me hugsar best er koret som plutseleg byrja å synge midt på dagen.
Korsang i St. Patrick's Cathedral
Det hadde seg nemleg slik at då me var i Killarney såg me eit oppslag om konsert i ei kyrkje, men av ymse årsaker enda me opp med ikkje å gå på den konserten (det var eigentleg veldig godt å slappe av på hotellrommet...). Og då skjønar sikkert den vyrde lesar at det jammen var det same koret som me ville høyre i Killarney som no song framfor oss i St. Patrick's Cathedral i Dublin:-) Korsongarane, i koret som forresten heiter Heartland Youth Choir og kjem frå Des Moines, Iowa, U.S, var veldig flinke og det var særs triveleg å setje seg ned og høyre på dei.
Katedralen sett frå bakparken
Katedralen
Våpenskjoldet til katedralen
Dobbeltdekkar skulebuss utanfor katedralen!
Me rusla litt rundt i bakparken til katedralen før ferda gjekk vidare. No hadde me eigentleg ikkje fleire stader me ville vitje, så me sette oss godt til fremst i andre etasjen på bussen for å få best utsyn. Bussen var mellom anna innom Guinness (museum og bryggeri), Irish Museum of Modern Art, Kilmainham Gaol (tidlegare fengsel som no er museum) og diverse andre museum.
Christ Church Cathedral
Irsk merkevare
Spegelbilde av bussen
Det var ikkje alltid mykje folk på bussen, ei venda spurde sjåføren i høgtalaren om det var folk oppe eller om han pratte til ingen. Me trakka i golvet (som han ba om) og han kunne konstatere at han iallfall hadde minst ein passasjer (og me veit at han hadde to).
Kilmainham Gaol
Buss-stoppskiltet ved Kilmainham Gaol
Ser ut som det er fargekonsulentar i Dublin òg
Wellington Monument i Phoenix Park (den høgste obelisken i Europa, 62 meter høg, bygd i 1817)
Sean Heuston Bridge ved togstasjonen
James Joyce Bridge
Då me nærma oss sentrum tykte me det var nok for denne gongen og hoppa av. Me var svoltne, og sette oss godt til rette på Liffey Boardwalk med fersk niste frå ei nærliggande matbu. Liffey Boardwalk er ein gangveg som går langs med og over River Liffey. Her kunne me sitte og slappe av med god mat og drikke, snakke om kva me hadde sett og kva me hadde lyst til å sjå, alt dette medan folkelivet yra rundt oss.
Liffey (Ha'Penny) Bridge
Dei neste timane nytta me til ymse vindauge- og inneshopping i handlegatene nord og sør for Liffeyelva, før me ad omvegar sikta oss inn på hotellet for siste gong. På vegen dit passerte me tilfeldigvis den norske ambassaden, men me hadde lite der inne å gjera. Eit tilfeldig samantreff kanskje, men utanfor ambassaden stod den einaste stasjonsvogna me såg i Dublin!
Den norske ambassaden
Før hotellet var det tid for den siste tillaga middagen, før me atter måtte stå bak grytene sjølve i Dala. For å gjere litt ære på vertskapet vårt, vart det solid irsk kost på båe dei norske gjestene denne siste kvelden i Irland:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar