tysdag 28. april 2009

Og svaret kom pao ein time

Ikkje so mykje å seia pao hukommelsen dar nei, bortsett frao litt flisespikkeri sidan det står Jarand, Ådne m/fam...


Om Laila & co hadde baktankar veit eg ikkje, men for å seie det slik: Eg hugsar framleis at Jarand i eit eller anna selskap (trur da va pao Pyramiden) dao han var slik cirka halvparten so gamadle so no spurte meg: Kåfør hakje du kjærest? Og lika rett fram e han framleis.

måndag 27. april 2009

No veit du atte da vart fint her

Sommaren nærmar seg (våren eksisterar knapt her i innlandet) og då tykte min betre halvleik (utruleg dårleg ord på nynorsk) at det var på tide å pynte opp. Dermed var det avgarde til Hamar og Plantasjen. Rett nok med ein snu oppom Maxi så eg fekk meg ein slike kuffert som akkurat passar som handbagasje på mikrofly. Eg trudde det var fort gjort å kome seg gjennom eit gartneri, men tok grundig feil. Me såg fort behov for vogn og fullt vart det: To verandakassar, planter/blomar til kassane, solide verandakassefeste*6, jord i pose XXL, hanskar, krans til utedøri, blomepotte/-stamp (nok eit dårleg nynorskord) i tre og blomar til potta/stampen. Men flott er/blir det.


Elles har Sigrid lagt ned badeforbod i år (Brumunddal er inst i Furnesfjorden, eller meir presist er campingplassen der Lena &co overnatta i fjor inst i fjorden):


Til slutt vert det litt Fjernsynskjøkken utan tv og oppskrifter. Lena lurer på matsteller her austafør, så her er dei siste dagane:

Fredag: Kjøtpudding, poteter og brokkoli.
Laugardag: Risengrynsgraut på ettermiddagen, lasagne og salat til kvelds. Lasagnen sjølvsagt laga utan Toroposar. Restane av lasagnen vart etne i dag før me sprang ut til rakedugnad i sameiget.
Søndag: Torskegryte med tomat.

Sistnemnde rett fann me oppskrifta på i Store norske kokeboka. Dagens quiz vert då: Kven ga den boka i julegåve til meg for fem-seks-sju år sidan?

torsdag 23. april 2009

Skuleskyssmøte i Norddalen

Då har eg vore på mine første skuleskyssmøte i Norddalen (=Nord-Gudbrandsdal=Sel, Dovre, Lesja, Vågå, Lom og Skjåk kommunar). I Norddalen sidan eg er rute- og skyssplanleggjar i det området. Har dermed ansvaret for mellom anna bussrutene til Rondane (Spranget/Mysusæter, og Høvringen/Smuksjøsæter), Jotunheimen (Gjendesheim, Juvasshytta, Spiterstulen) og Breheimen (Sota sæter), for ikkje å gløyme ruta over Sognefjellet til Luster og Sogndal.

Reiste opp måndag ettermiddag til Otta der eg fekk meg ein flott kveldstur i motbakke (lenge sidan eg gjekk tre km berre oppover og fåglarna skal vite eg hadde godt av det). Litt juks eigentleg å reise opp måndag sidan det første møtet var på tysdag, men du skal stå tidleg opp i Brumunddal for å kome til møte på Otta kl 8...


Det første møtet var med Dovre kommune og det gjekk så kjapt (berre 2 timar) at me hadde tid til overs og tok ein liten tur til Rusten (heilt sør i Dovre) og hadde ei lita synfaring bort til Elvestad. Då siste møtet for dagen var ferdig vart det køyring på bakside og solside frå Otta til Lom, dvs baksida frå Otta til Vågåmo, fram og tilbake på Klones, deretter solsida frå Vågåmo til Lom via Flatmogrendi. Skulle gjerne fått med oss Skogbygda også, men klokka var no halv åtte då me kom til Lom, så det var sikkert nok.

Der vart det ein utruleg god middag på Fossheim og så skal eg ikkje syta så fælt over at hotellet ikkje hadde Nrk2 (=Sogndal-HamKam) på romma. Etter middagen vart det ein liten spasertur rundt i sentrum for å sjå på bussar og skuleholdeplassar. Forresten litt løge å vera under ti mil frå Luster og likevel så langt vekke på ein måte. No var no vegen uansett ikkje opna, visstnok såvidt brøytt til Krossbu då me var i Lom, men framleis løge.



Onsdagen gjekk heilt greit, inkludert handling på Bakeriet i Lom, og etter tre skysmøte (med Lom, Vågå og Skjåk) bar det heimover og eg nådde toget frå Lillehammer kl 1920 med 30 sekundars margin. Hadde vore keisamt å måtte vente ein time då ja. Og no er det berre eit år til neste gong att :-)

søndag 19. april 2009

Ski

Då har eg vore på Sjusjøen for første gong (2. gong Sigrid er i strøket). Skiføret var eigentleg greit til denne tida å vere og veret var upåklageleg.



PS1: Sigrid stod på prosjektoppgåva si (10 studiepoeng). Hipp hipp hurra :-)

PS2: Everton er i cupfinalen :-)

torsdag 16. april 2009

Våren er på veg

Då ser det endeleg ut til at isen og snøen har smelta i hagen og me kan byrje å gle oss til den første slåtten. Det var mykje snø då me reiste til Luster for det veldig hyggelege bryllaupet til Marianne og Petter, men påska gjorde godt for hagen. No kan me snart plukke fram verandamøblementet og ete utemiddag med utsyn til Mjøsa (og pipa på Langmoen). Men det hadde no vere kjekt med ein skitur eller to til før sumaren.



PS: Trur det vart ny rekord i reklame på ein og same dag her i postkassa vår (me har ombering både av posten og eit privat selskap): Maxi (Hamar storsenter), Lefdal, Coop Obs Bygg, Coop Mega, Ica Maxi, Sparkjøp, Skoringen, Hjem-IS, Kjells markiser, Møbelringen, Edvin Ulven, Egil Paulsberg, Ica, KappAhl, Elkjøp, MegaFlis, G-Sport, Spar/Eurospar, Rimi, Coop Obs Hypermarked og Jysk.