
Elles har Sigrid lagt ned badeforbod i år (Brumunddal er inst i Furnesfjorden, eller meir presist er campingplassen der Lena &co overnatta i fjor inst i fjorden):
Til slutt vert det litt Fjernsynskjøkken utan tv og oppskrifter. Lena lurer på matsteller her austafør, så her er dei siste dagane:
Fredag: Kjøtpudding, poteter og brokkoli.
Laugardag: Risengrynsgraut på ettermiddagen, lasagne og salat til kvelds. Lasagnen sjølvsagt laga utan Toroposar. Restane av lasagnen vart etne i dag før me sprang ut til rakedugnad i sameiget.
Søndag: Torskegryte med tomat.
Sistnemnde rett fann me oppskrifta på i Store norske kokeboka. Dagens quiz vert då: Kven ga den boka i julegåve til meg for fem-seks-sju år sidan?
Veit at eg kjøpte ei kokebok til deg ein gong, kva slag bok og kor tid anar eg ikkje.
SvarSlettDu veit alderen kjem ikkje åleine....
hmmmmf xxxx!!!
SvarSlettEr visst ikkje heit stø på dette med å legge inn kommentarar. Men det er altså ei frue med namn Laila som er anonym i ovanståande tekst :)
Me vassa på dan campingen og. Blir ikkje noko av da i år da skjønnar eg :0)
SvarSlettLena