torsdag 23. april 2009

Skuleskyssmøte i Norddalen

Då har eg vore på mine første skuleskyssmøte i Norddalen (=Nord-Gudbrandsdal=Sel, Dovre, Lesja, Vågå, Lom og Skjåk kommunar). I Norddalen sidan eg er rute- og skyssplanleggjar i det området. Har dermed ansvaret for mellom anna bussrutene til Rondane (Spranget/Mysusæter, og Høvringen/Smuksjøsæter), Jotunheimen (Gjendesheim, Juvasshytta, Spiterstulen) og Breheimen (Sota sæter), for ikkje å gløyme ruta over Sognefjellet til Luster og Sogndal.

Reiste opp måndag ettermiddag til Otta der eg fekk meg ein flott kveldstur i motbakke (lenge sidan eg gjekk tre km berre oppover og fåglarna skal vite eg hadde godt av det). Litt juks eigentleg å reise opp måndag sidan det første møtet var på tysdag, men du skal stå tidleg opp i Brumunddal for å kome til møte på Otta kl 8...


Det første møtet var med Dovre kommune og det gjekk så kjapt (berre 2 timar) at me hadde tid til overs og tok ein liten tur til Rusten (heilt sør i Dovre) og hadde ei lita synfaring bort til Elvestad. Då siste møtet for dagen var ferdig vart det køyring på bakside og solside frå Otta til Lom, dvs baksida frå Otta til Vågåmo, fram og tilbake på Klones, deretter solsida frå Vågåmo til Lom via Flatmogrendi. Skulle gjerne fått med oss Skogbygda også, men klokka var no halv åtte då me kom til Lom, så det var sikkert nok.

Der vart det ein utruleg god middag på Fossheim og så skal eg ikkje syta så fælt over at hotellet ikkje hadde Nrk2 (=Sogndal-HamKam) på romma. Etter middagen vart det ein liten spasertur rundt i sentrum for å sjå på bussar og skuleholdeplassar. Forresten litt løge å vera under ti mil frå Luster og likevel så langt vekke på ein måte. No var no vegen uansett ikkje opna, visstnok såvidt brøytt til Krossbu då me var i Lom, men framleis løge.



Onsdagen gjekk heilt greit, inkludert handling på Bakeriet i Lom, og etter tre skysmøte (med Lom, Vågå og Skjåk) bar det heimover og eg nådde toget frå Lillehammer kl 1920 med 30 sekundars margin. Hadde vore keisamt å måtte vente ein time då ja. Og no er det berre eit år til neste gong att :-)

1 kommentar:

  1. Hey!!
    Endå ein bloggå følgja!! Supert!!!

    Lena

    SvarSlett