måndag 10. mai 2010

Håholmen

4.-6. mai var eg så heldig at eg og resten av dei på avdelinga mi i fylkeskommunen var på avdelingstur til Romsdal og Nordmøre.

Kort oppsummert var opplegget avreise frå Lillehammer kl 1430 tysdag ettermiddag, med ankomst Atlanterhavsvegen kl 2130 om kvelden. Då hadde me smakt middag på Dombås, stoppa for å sjå Trollveggen, sett Romsdalshorn gjennom bussglaset, ete svele på ferja Sølsnes-Åfarnes og sett Skaretbakken. Frå p-plassen ved Atlanterhavsvegen var det 5 minutt i Kvitserk, som er ein kopi av Saga Siglar, ut til Håholmen, eit verneverdig fiskevær, der me skulle vere i to døgn. Kort sagt, båten var flott, veret herleg og fiskeværet ein utruleg god plass å vere. Ikkje ofte eg kan gå eitt minutt frå rommet og sette meg ned og sjå på to havørnar sitte heilt i ro på naboholmen:-) Eller sjå steinkobbane som kosar seg på ein anna naboholme:-)


Trollveggen
Fire unge modellar som viste fram dei nye jakkane våre
Romsdalshorn
Knipsa på ferjekaia:-)
Kvitserk
Då er me nesten klare for knappe to døgn i Hustadvika
Håholmen
Onsdag var det frukost før det bar ut i Hustadvika ombord i Kvitserk. Sjøen var om lag blank, sola skein og solkremen smurt utover andletet. Det vart sjølvsagt flotte timar ombord, sjølv om ingen, ikkje eg ein gong, fekk fisk. Det siste var kanskje like greitt... Fiskesuppa var noko av det beste eg har smakt av den sorten så då fekk det heller gå dårleg med fisket.


Sentrum på Håholmen
Den mindre tettbygde delen av Håholmen med Hustadvika og öppna hav i bakgrunnen
Havørna kan skimtast til høgre for naustet
Havørnene kan såvidt skimtast på kvar si side av naustet, med storslagent utsyn
Kvitserk er klar i strålande ver
Skipparen peikar og forklarar
Me var eit strålande syn i flytedressane våre
På veg inn att til Håholmen etter ein fantastisk båttur
Vel inne til land var det tid for teamaktivitetar, som betydde at dei fire laga me var delt inn i skulle prøve å gjere det best mogleg i litt uvante konkurransar. Desse konkurransane var styltegåing, blåsekasting, edderkoppnett, tømmerrulle, spikar (stable 20 spikrar oppå 1 spikar), kajakkpadling, planken (friviljug, og alle dei tre på avdelinga som prøvde, hamna i vatnet...) og quiz (med rebus for å finne spørsmåla). Må vel nemne at dei tre som gjekk planken også greidde å kome seg over sidan dei prøvde nokre gonger, så mykje heder til dei.


Terje viser gode balansetakter
Team Kristin er i gang med presisjonsdelen av blåsekastinga
Det var veldig morosamt, og når det gjeld resultatet, så vel..., det viktigaste er å delta:-) Må i den samanheng nemne at laget eg var så heldig å vere med på, vann rebusen me hadde i bussen på veg til Nordmøre (77 rette av 100 moglege). Og det var det viktigaste, for premien var ein twistpose på deling:-)


Etter konkurransen var over, forsvann dei fleste på vorspiel, men dei tre økonomane på avdelinga måtte vise resten kven som er spreke, så eg fekk meg då ein kjempeflott padletur på ein god halvtime rundt lokale holmar og skjær. Veldig moro, så kanskje vert det fleire padleturar? Etter ein kjapp dusj, var det historietime og film om Ragnar Torseth, før ein knakande god breiflabbmiddag. Resten av kvelden er hemmeleg...
Rommet mitt (nr 4 i Hotten). Som de ser, ingen tv...


På bryggjekanten
Rommet mitt var heilt til høgre i det raude huset i midten
Eit av bustadområda på Håholmen
Brenneriet (no er det overnatting der, kan nok vere at bygget vart nytta til annan aktivitet tidlegare)
Håholmen city centre
Torsdagen var det frukost og heimover, med eit langt stopp i Molde. Der vitja me fylkeskommunen i nokre timar og fekk ein del fagleg påfyll. Etter fylkeshusbesøket hadde me fri i halvannan time og rusla litt rundt i sentrum og såg på folkelivet, åt is og sneik oss inn på Aker stadion.
Kvitserk klar for siste reis med Opplandstrafikk (iallfall for denne gongen)
Ein nøgd gjeng klare for den lange vegen heimatt
Kobben storkoste seg ved Håholmen
Sunn norsk ungdom klare for sightseeing i Molde
Ferje og deler av Moldepanoramaet, lett som svele for fotografen
Molde by sett frå Hurtigrutekaia
Aker stadion (aka Røkkeløkka)
Ved Røkkeløkka med Seilet og Romsdalsfjorden i bakgrunnen
Seilet og Romsdalsfjorden
TV2 og NRK gjer seg klare for årets storkamp: Molde - Aalesund (som forresten enda med 2-1 siger til heimelaget)
Er nok ikkje tilfeldig at kanonene er sikta inn mot Sunnmøre...
Heimturen gjekk høvesvis kjapt, med ferjetur (ikkje svele denne gongen sidan me fekk svele i Molde) og nok ein middag på Dombås. Fekk haik med Mona E til Moelv der eg akkurat rakk bussen til Brumunddal så eg slapp å vente ein time. Det var ein smule ubehageleg å passere fartsdumpane ved Kilde skole i fæle fart, men eg rakk jo bussen:-)
Og hina degen for ein fin tur:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar