laurdag 29. mai 2010

Langhelg i Stockholm

Pinsehelgi var me på skikkeleg ferietur til Stockholm, som vil sei fly bort tidleg om føremiddagen på fredag, tre netter på Scandic Norra Bantorget i sentrum og ein kjempefin togtur heimatte på 2. pinsedag. I Stockholm vart fredagen nytta til shopping, medan på laurdagen var det litt shopping, men mest roleg sightseeing med Hop-On-Hop-Off-båt der me var innom diverse øyer i sentrum.

Me var innom Vasamuseet og såg på båten som fekk ein altfor kort seglas, men det var òg det einaste museet me vitja denne dagen. Me var bortom Skansen, men innsåg at skulle me først innom portane der, så burde me ha ein heil dag. Veret var herleg denne dagen, så det vart sjølvsagt årets første soft-is på underteikna (soft-is heiter forresten mjuk-is på svensk, eigentleg eit godt ord som me burde bruka på norsk òg).

Søndag var det vêromslag, så med lågare lufttemperatur og regnbyger passa det godt å bruke eit par timar på slottet åt han Carl XVI Gustaf. Der var dei alt i gong med planlegginga av giftarmålet og tilhøyrande fest som skal vere om nokre veker, men me rekna med at dei hadde alt under kontroll så me spurde ikkje om dei hadde bruk for litt hjelp. Nokre timar shopping fekk me no tid til denne dagen òg (butikkane i sentrum er stort sett opne 11-17 på sundagar og pinsedag er ikkje noko særleg til heilagdag i Sverige). Me såg forresten ein Fjord1 Sogn Billag buss midt i sentrum denne dagen:-)

Måndag var det tid for å forlate byen, men me fekk no tid til litt skjorte- og bokhandel denne dagen òg:-) Togturen var veldig triveleg og ein ypparleg avslutning på ei herleg helg.

Kungliga slottet i Stockholm

Sjarmerande smug i Gamla stan

Kveldsstemning ved Stortorget

Noko av den enorme utsmykkinga på Vasa

Guiden syner fram og forklarar korleis dagleglivet skulle vere ombord

Vasa sett frå akter

Utsmykking akter

Yrande liv på sjøen i godveret i Stockholm

Ein veldig fin dag til båtsightseeing

Den meir fornemme delen av Stockholm

Djurgården 4, ein typisk sightseeingbåt

Gröna Lund, tivoliet med seks berg- og dalbaner ved Skansen rett utanfor sentrum. Tårnet i midten av biletet er attraksjonen Fritt Fall Tilt, som er 80 m høg (det er ein gjeng på toppen klare for fritt fall...)

Sergels Torg, som er ei diger rundkøyring over ein stor open plass og eit kjøpesenter midt i sentrum

Staut kongepassar

Søndagsshow med garden

Søndagsshow med garden 2 (musikk frå heimevernet til høgre)

Søndagsshow med garden 3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar