måndag 11. mai 2009

Jippi ay

Dao har eg vore gjennom utdrikkingslaget mitt og må seie meg særs nøgd med at det vart fotballtur til Merseyside. Eg visste eg gjorde eit godt val av forlovar her i haust :-) Det eg ikkje visste då var at Everton skulle møte Spurs på tampen av sesongen, men 2+2 vert ofte 5-1. Avgårdekåre fredagsmorgonen då Frode plukka meg opp i herskapshuset i dalen og nokre timar seinare var det inn på Torp (liten matstogg i Asker). Der var det mange som skulle på fotballtur, mellom dei nokre gamle kjende tryne. Flyturen gjekk greit, Frode fekk utsikten og eg fekk VG og Aftenposten. På John Lennon sin flyplass var det rett gjennom og det bar inn til byn og hotellet som synte seg å ha ein veldig høg standard. Butleren var med opp på rommet for å gje opplæring i elektronikken.

Rommet låg forøvreg rett over Mathew Street som er der nattelivet pågår i byn (The Cavern var nesten rett under rommet vårt). Det ser også ut til at engelskmennene har lært litt av resten av verda; vasken på badet hadde blandebatteri og det var dusjkabinett (rett nok med eit enormt dusjhovud som gjorde dei første sekunda av dusjen iskalde). Fredag ettermiddag vart det handling og eg skjøna at det var nokre år sidan eg sosa rundt i sentrum av Liverpool (eigentleg berre fire, men då må eg ha vore i svime for så mykje kan dei ikkje ha bygd på fire år).
Laurdag var det shopping att før det bar oppover til staddaen. Rett buss tok me òg, £2,80 t/r. Vel oppkomne skulle eg sjølsagt på supportersjappa sjøl om det berre var 80 min til kampstart. For å seie det slik: det var kø for å kome inn og etter å ha venta iallfall i tre minutt kom eg inn. Der nappa eg med meg eit skjerf og stod i ny kø i tjue minutt før eg fekk betalt og kome meg ut. Hadde sikkert vore kjappare å kjøpe skjerfet nede i byn før me for opp eller hjå ein av dei 400 som stod rundt staddaen og selde. Deretter var det inn på spelesjappa og tippe litt ao kårt om kampen. Matleiting vart det også tid til før kampen, men me måtte nøye oss med litt sjokkis. Vel inne og mot kampstart såg me at det var 36.644 andre på kampen. Utruleg moro å vere på kamp att sjøl om det vart 0-0 og den første Evertonuavgjortkampen eg har sett live i Engerland (hadde fem sigrar og to tap tidlegare).




Etter kampfen var det synfaring til Anfield (ti-femten spasertur i parken) der Frode fekk teke nokre obligatoriske bilete (utan meg sjølvsagt, hadde teke seg ut med bilete av meg framfor dèt stadionet). Sjølvsagt var det ein obligatorisk bunke japsar der òg med kameraa sine. Ny buss ned att til byn, ein liten matbit og så kvil på rommet, inkludert Kalven på tv, og så ut for å finne restaurant som hadde god mat, enda opp med ein kjellar med altforhøgbråkelivemusikk og biff til Frode og lam til meg før me fann oss eit casino der me prøvde å tømme lommeboka, men fekk ein samla netto på £15 der Frode hadde 2/3 og eg 1/3, og Frode meinte heilt rettmessig at eg spelar feigt og så var det gjennom Mathew Street natt til sundag og masse folk som ikkje var edru og ikkje ville vere edru og inn på hotellet og oppatt og slå på tvn og sjå West Bromwich - Wigan i opptak for andre gong og pusse tenner og slå av lys.


Sundag var det dusj, frukost, bittelitevetta sjåpping (=magnet for eg fann framleis ikkje jakken eg har leita etter i tre år, men det vart nesten, men dei hadde ikkje storleik M eller L på den jakken eg ville ha) og so utatte te flyplassen te John Lennon der me måtte betale 25 pence for ein plastpose å ha flytande remediar i so me ikkje vart tekne for å vere brødristar, orsak terroristar og litt venting og meir venting og so opna gaten der Ryan Air synte oss kvifor dei er så billege (eg måtte ha drikkeflaska mi opp i kofferten for det var lov med berre eit kolli handbagasje, medan Frode måtte få plass til både Pringles og flaske...). Flyet var knapt halvfullt (på fleire måtar trur eg), så det vart høvesvis god plass til negler og tær. Medvind i ryggen hadde me heilt sikkert for brått var me på Torp og etter eit raid i teksfrien bar det oppover autostradaen til Drammen der eg måtte sei hadet til Frode som ville ein annan veg. Skjøna han godt, Anja høyrdest veldig kry ut på telefonen etter å ha skåra i miniputt-turneringa. Bussfortog gjekk fint til Oslo der det var inn på toget og heimatt til stooor klem i dalen :-)


Mange mange mange takk til Frode for ei kjempeflott helg :-)


PS: Om nokre dagar kjem eit innlegg om engelsk mat. Eg må berre fordøye den litt først. Det trur eg Frode må også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar