torsdag 7. mai 2009

NSB og punktligheit (april)

Mykje kan seiast og har vore sagt om NSB (og ikkje å gløyme Jernbaneverket) og eg skal no kome med ankomststatistikken min for april. Eg pendlar (som kjent?) med tog mellom pittoreske Brumunddal og Lillehammer. Frå togstasjonen på Lillehammer er det om lag to minutt til innstemplinga på jobben. Toget skal etter ruta vere på Lillehammer 7.52, så med to minutt i pluss for gåtid og to minutt i frådrag fordi stemplingsuret går litt feil (trur eg) så skal innstemplinga vere rundt kl 7.52 om alt er i rute.

And here are the numbers for april:
7.54
7.54
7.51
7.52
7.52
7.52
8.08
7.53
7.53
7.53
7.56
8.04
7.51

Må seiast å vere ein bra månad. 8.08 var dagen då alt skar seg for NSB, sidan køyreledningane datt som fluger kvelden før. Eigentleg burde ikkje 8.08 stå på lista sidan me fekk drosje den dagen og dermed kom så seint, men NSB/Jernbaneverket hadde definitivt skulda. No skal det òg seiast at det skulle berre mangla at toget stort sett er veldig i rute sidan det overnattar på Hamar og den avgangen eg er med på er den første for dagen.

PS: Eg jobba fleire dagar i april enn lista tilseier, men eg var på reis nokre dagar, ref bloggen om skuleskyssmøta. Og så hadde eg jo litt fri rundt palmehelgi sidan Petter sneik i køen.

2 kommentarer:

  1. Ang. pittoreske Brumunddal. Det er vel mange av våre klassiske 1800 tals landskapsmålarar som har funne sine motiv derfrå.

    SvarSlett
  2. Pittoreske Brumunddal og klassiske 1800 tals landskapsmålarar.......!!??!!?????????????? WTF!

    Klemzzzzzzzzzzz Lena :0)

    SvarSlett