tysdag 19. mai 2009

Nasjonaldagen i Brumunddal

Fyrste gongen me feira nasjonaldagen spint åleina, viss me ser vekk frå dei andre her i grendi.

Det vart definitivt ein 17. mai me tok på sparket, hugste heldigvis å slå på alarmen på mobilen før me la oss etter Svabøshowet, slik at me vakna til ei fela ringing kl ni. Opp og hopp og ein time seinare sat me nydusja og pynta og fekk oss ein frukost, før det bar ut. Fekk fin utsikt til toget som rusla forbi oss i Nordåsvegen før det bar opp til den kortaste gudstenesta eg har vore med på. Gudsteneste på parkeringsplassen utanfor kyrkja og ferdig på under halvtimen. Trur Frode var litt misunneleg då eg sende den meldinga til han, der han sat og høyrde på Paulsen.

Nuvel, toget gjekk vidare, medan me tok snarvegen sidan Sigrid ville sjå barnehagetoget. Etter å ha sett at dei to toga spleisa seg følgde me etter bort til Husebyparken og konstaterte at det var på tide med å gje seg for i år. Men først måtte me berre innom Mix-kiosken og få oss årets første soft-is. Soft-is og dress funka bra det, men litt meir usikker på om skoa hadde godt av isen. Uansett fin dag og fint ver, og Lena hadde sikkert større utfordringar med ungane enn eg hadde med is og sko :-)








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar