Var såvidt inne på foreldrevitjinga me hadde, så då får det no nemnast at Signe og Svein kom på torsdag, medan mammao og papan skvatt inn døri seint laugardag, så seint at dei måtte nøye seg med fuglemat. Sundag var det frukost, ikkje i det fri for seks er minst ein for mange på verandaen, før me tok vegen til Skafferiet på Helgøya. det var mange som hadde hatt same tanken, men me rappa til oss både bord og etter kvart nok sitteplassar også. Lokalavisa HA (med eit opplag nokre gonger større enn kjære Sogn Avis) var også på plass sidan det var eitt år sidan etablissementet opna og dermed kom nokre av oss på framsida i dag (om enn noko utydeleg sidan me er i klassen linselus inne i skuggen under eit kastanjetre).
Så var det heim att og god mat og soling på verandaen. Altså ein triveleg morgon, ein triveleg dag, og ein triveleg kveld og alle la seg mette og nøgde.
Og så kom måndagen og etter frukosten var alle samde om at det var kjekt å treffast og at det måtte dei gjere att snart. Og då passar det jo godt at me har planlagt eit bryllaup i nær framtid.
Så fort dei var skyssa vel av gårde i sine respektive himmelretningar kunne me berre leggje oss på verandaen med kvar vår bok og atter nyte fridomen. Nope, her var det på med målarhabitten og deltaking i dugnad med innlagt ertesuppe:-) Etter drygt eit døgn, med pause for søvn og jobb er me no om lag ferdige med vårt, og kan endeleg ete meir kake att. Kakerestar er like godt som kake.



Var ikkje klar over at me var så krevjande at me sleit dykk ut:-)
SvarSlettDei va vel redde før at du og mamma ikkje skulle oppføra dikka fint! :0)
SvarSlettLena