tysdag 9. juni 2009

Mykje fyll på ein fredag føremiddag

Me var tilfeldigvis på Kongsberg i helgi, noko som betydde ein prat med fotograf, prest, hotellhovmeistar og ikkje minst ei vitjing hjå den lokale bakaren. I tillegg var Sigrid på eit ubegripeleg langt opphald inne hjå ein hårklippar, men der fekk ikkje eg vere med. Men attende til den lokale bakaren, Det har vore litt fram og tilbake med den dere bryllaupskaka, men no hadde me avtalt at Lampeland skulle få den store æra. Me møter opp kl 11 fredag føremiddag, berre ein time etter frukost, og forventar at smaksprøvane av kakefyllet er nokre klattar på ein asjett. Oh no, her var det fem digre kakestykkje som vart sett fram framføre den kakemonsen eg er. Ok, så måtte eg dele med Sigrid, men lika loll. Etter ein del fyll fann me heldigvis ut korleis bryllaupskaka vert:-)

Det vart forresten tvangstrimming på oss på fredag sidan garasjenøkkelen var borte vekk då me skulle avgarde. Håpar ikkje presten tok det ille opp at me difor ramla inn eit kvarter på overtid. Ho sa no ingenting...

Og på heimvegen sundag var me inom Bærum og fekk helst på Tore og Kjersti og Mathias og Martin. Så no er det litt færre av dei inviterte som eg ikkje kjenner.




Utsyn frå Magasinparken mot Lågen og Kongsberg kirke

2 kommentarer:

  1. Kakesmakingi e jo nett so pao film!!! Ekje slek her langt ute på bondelande nei!! Her seie me berra te Marianne kelais me vil ha da, og so bli da ti gonge bere og 100 gonge finare!!!

    Lena

    SvarSlett
  2. Hey! E jo ain maone te jibusdagen min! Dao e me 32 både og å du Ørjan :0) Jaffal ai liti stund :0)
    (Ups: ser at detta kan bli LITT vanskle før andre enn indresogninga å lesa)

    Atter ein gong Lena
    (Kjeda meg litt i kveld :0)))

    SvarSlett