tysdag 9. juni 2009

Mat i Engerland

Ser eg har skrive for ein månad at eg skulle kome attende til den engelske (=britiske) kokkekunsten. På kveldsmat er dei brukbare, iallfall på lasagne, pasta og pizza. Men å eta kåbbåimat te frukost alle dagar i veka er sju dagar for mykje. Egg og beiken er greitt nok, men når speilegget er meir raudt enn gult, og det i tillegg følgjer med eit lass med bønner og illeluktande småpølser så er eg glad for at det finnst kjeks i denne verda. Og då har eg ikkje sagt noko om at brød=rista loff. Kan lova at det vart andre kokosbollar då eg kom heimatt til moderlandet. Nøff said.

1 kommentar:

  1. De måtte ha gjort so vetlesøster Haganes når ho va i Usa i tre veke (ikje bere mat dar vist), ho reiste på Mc Donalds før dar fekk ho iallefall kjøpt seg salat utn at da følgde me smelta smør te å hedla øve!!! =0/

    Lena

    SvarSlett