laurdag 11. juli 2009

Førebuingane til den STORE dagen - del 1

"Det e itjnå som kjem tå seg sjøl" song Vømmøl i oldtiden. Og det kan jammen seiast om eit bryllaup også: frå eg gjekk ned på kne til siste etterpåkakefesten med naboar her i Brumunddal.

Kongsberg med kyrkja og Grand datt tidleg ned i korgi, noko som var veldig bra, men samstundes vart det ein del arrangementstekniske utfordringar sidan det er tjue mil mellom Brumunddal og Kongsberg. Men med hjelp av fredagsfri kom me i mål der òg.

Me bestemte oss tidleg for å ha fri siste veka før bryllaupet og reise til Kongsberg laurdag 20. juni. Siste arbeidsdagen for begge før sumarferien vart då fredag 19. juni og alle veit jo korleis det er på kontoret siste veka før langferie: alt MÅ og SKAL gjerast klart og ferdig. Når me samstundes SKULLE gjere ALLE trykksakene me hadde ansvar for til bryllaupet ferdige FØR me reiste til Kongsberg, seier det seg veldig tydeleg at det var ei ekstremt hektisk siste veke før me sette oss i bilen laurdag ettermiddag den 20. juni. Det vart litt seinare enn planlagt avreise sidan me ikkje ga oss før 3.30 natt til laurdagen og då var me ikkje ferdige med alt...

Bilen var då passe full av diverse, frå dressen min til kyrkjeprogram, kakeform og oasisar (som vart plukka opp på verandaen til tante Inger i Nittedal). Alle trykksakene våre var då klare, dvs omslag, turvegvisar, velkomstsang, gjesteliste inkl samtaleemne (ein vanvittig jobb berre det, med ein drøss telefonsamtalar og googling), bordplassering, meny og kyrkjeprogrammet. Det vil seie, berre halve kyrkjeprogrammet sidan me venta på ei tilbakemelding frå presten (men den siste halvdelen var klar på usb-pinnen me hadde med).
Spisebordet i stova var mellombels ekstrakontor siste veka.
Sigrid sjekkar papira kl 1.06 natt til 20. juni.
Dressen er klar for køyretur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar