Og før me visste ordet av det hadde me vore på ti postar og fått med oss 65 poeng. Sidan eg rota meg litt veldig bort frå Sigrid i jakta på post nummer 23 (og fekk fortent skamkjeft for det etterpå sidan ho hadde kart og kompass, medan eg berre hadde intuisjon (og visste kor bilen var)) var eg på post 22 1,9 gonger... Det einaste me hadde gløymt frå i fjor var alle flugene, insekta, myggane osv:-( Men kjekt å sjå frosken hoppe mellom beina på meg. Og me såg ikkje bjørn (det er visst klappjakt på fleire bjørnar her i kommunen for tida...).

For å få gullmerke, som me sjølvsagt fekk i fjor og skal ha i år, treng me 500 poeng. Målet vårt er sjølvsagt alle postane og dermed 600 poeng. Og fristen for å bli ferdig er 23. september.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar