onsdag 15. juli 2009

Min dag som brudgom

Litt for seint i seng kvelden før, men følte meg rimeleg pigg då eg kraup ut av senga kl 7.30. Meininga var å snike meg ut utan å snakke med Sigrid, men måtte stille ho eit spørsmål om kvar eg fann lommetørkle (det stod på ei lang liste over ting eg skulle ordne/passe på denne varme laurdags føremiddagen på Kongsberg). Det var merkeleg stilt i huset, normalt har alle stått opp når eg og Sigrid kjem til frukost:-) No vart to kjapt smurte skiver som eg åt ståande frukosten på denne dagen. Piet og Svein hadde også kome seg opp no, og Svein henta dressen min. Dressen hang i same skap som kjolen til Sigrid, og Svein hadde dermed i ei veke vore den som måtte hente/henge inn att dressen då skjorta skulle vaskast og strykast saman med slipset.

Ymse stæsj vart lempa ut i bilen, dvs gåveposar (det viste seg seinare at eg gløymde det som stod i boden), papir (alt me hadde skrive og trykt opp av songar, turvegvisar, bordkort (av stein)gjesteliste, meny etc), dress, bag og alt anna som skulle opp i suiten. Då me gjekk ut stod det ei pakke på trappa som me ikkje skjøna bæret av, men antok, sidan det trass alt var eit visst evenement denne dagen, at gåva var til Sigrid og meg.

Frode toastmaster (eller Frode toast som eg og Sigrid internt omtala han som i vekene før bryllaupet, sidan ein annan Frode var forlovar) venta som avtalt i lobbyen på hotellet då me kom dit og då stæsjet var plassert på suite og rommet til mammao og papan vart det god prat. Han hadde tydeleg førebudd seg godt og ville førebu seg enda betre så eg måtte gå gjennom kvar eg og Sigrid møttest, kor tid og kvar me vart i lag osv (kortversjon: møttest på Dovre, vart i lag i Jotunheimen og forlova i Rondane). Sidan heile slekti var på hotellet var det ikkje til å unngå at det vart mange avbrytingar (og for all del: det var kjempekjekt å treffa alle saman) så til slutt vart det til at me evakuerte opp i festsalen (Birger Ruud salen). Det var eigentleg like greit for me måtte leggje på plass alle papira og bordkorta. Og då alt var lagt ut oppdaga me at turvegvisaren ikkje var lagt ut og den skulle eigentleg leggjast inni omslaget... Det enklaste er ofte det beste og turvegvisaren vart då lagt under alt saman.

Ein annan ting som måtte ordnast var at bordoppsettet ikkje stemte. Me flytte stolane, men fann ut at hotellpersonalet nok var mest kunnige til å flytte på bestikk og glas. Personalet hadde gjort jobben sin dei, det var berre det at bordplanen var endra att for n-te gong... Dei fekk no uansett ein ny bordplan og lovde at alt skulle vere i orden til middagen.

Eg sjekka mobilen i 10-tida og oppdaga at Tone Luise hadde sendt melding kl 9.14 om at ho var på veg og lurde på kvar eg var kl 10. Så då rakk eg akkurat å sende melding til ho før ho dukka opp:-) Me konstaterte at me var ferdige i festsalen og eg og Tone Luise sette retninga mot bilen og vestsida og Nufseriet der me skulle hente blomar til håret til Sigrid. Tone Luise åtvara meg mot at ho sleit litt med venstre og høgre og jammen vart det feil alt i første kryss der eg sa venstre og bilen gjekk til høgre. Nu vel, me fekk snudd lengre borte og smått om senn fekk eg vist at eg er nokonlunde lokalkjend på Kongsberg (STOPP, der var visst Nufseriet...).

Blomane vart henta og betalt (inkl buketten til Sigrid og jakkeblome til meg og Svein, eg betalte (det er jo ei gåve frå brudgomen til brura) heile pakka no sidan eg ikkje skulle sjå buketten som skulle hentast 13.30 av Signe, Christa og Piet) og attende til sentrum. Eg synte Tone L kvar frisøren og Sigrid var, og heldt meg på høveleg avstand slik at eg ikkje fekk sjå noko eg ikkje hadde lov å sjå (på dette tidspunktet iallfall). Der eg stod og venta dukka det sjølvsagt opp kjentsfolk i og frå alle retningar, men dette var no nesten ein vane denne helga. Tone L kom attende og fekk att bilnøklane (eg var så snill å passe bilen for slike parkeringskontrollørar medan ho var hjå frisøren). Ho kunne òg opplyse at det var meininga at Guro ikkje skulle ha bordkort. For ukjende: Guro var knappe to månader gamal i bryllaupet...

No kunne eg endeleg slappe litevetta av, som vil seie at eg tok ein tur opp på hotellrommet (sjølvsagt etter å ha brukt litt tid i festsalen for å sjekke nok ein gong at alt var i orden og fått nokre beroligande minutt med hovmeistar Tommy). Her vart det tid til å svare Egil som hadde sendt ei helsing på morgonkvisten. Det vart også tid til noko som eg i ettertid var kjempeglad for at eg hadde gjort: nemleg å gjennomgå talen, dvs høgtlesing. Gjennomgangen tok knappe ti minutt, noko eg tykte høyrdest passeleg ut for ein brudgom sin tale i eit bryllaup. Spesielt når talen var skrelt ned til stort sett å omhandle Sigrid (hadde eigentleg veldig lyst å omtale mammao og papan, Lena og Petter, og Frode K., men då hadde talen fort vart ut i desserten).

Så var klokka plutseleg omtrent 12 og eg ville gjerne ha ein matbit før kyrkjeturen. Før eg fekk områdd meg særleg meir så ringte Frode forlovar og lurte på om eg vart med dei (=han og Anne M.) på Peppes. Svaret var sjølvsagt ja, pizza er jo god og tradisjonsrik bryllaupsdagsmat. På vegen fekk eg ein kjapp prat med Laila som hang i hotellutebaren og fekk avklart litt kring pakkeopning som ho var så snill å vere med på (trengde nesten ikkje spørje trur eg).

Pizzaen var alt bestilt då eg dukka opp, men eg er jo altetande så det var ikkje noko problem. Godt å kunne roa nervene ein smule, det var ingen tvil om at dei hadde byrja å dukke opp (for å seie det slik: eine gongen eg tok heisen denne føremiddagen oppdaga eg ikkje at eg delte heis med tanta og onkelen til Sigrid, iallfall ikkje før Inger helste på meg...). Maten var omsider oppeten og me avtalte at me skulle møtast i hotellkjellaren (=parkeringshus) kl halv to. Stivpynta og strigla of course. Men aller først måtte det handlast litt drikke, og nei, ikkje slik med prosent. Meny på storsenteret vart redninga (møtte brodern på vegen, han lurte på kva eg gjorde der på den tida...) og vatn, brus og Farris vart med heimatt til hotellrommet.

Var nok litt stressa no, så Kjersti kunne ikkje dy seg då eg traff ho (og Anne) ved inngangen på hotellet og måtte bemerka at eg såg litt sveitt ut i luggen;-). Vel oppe på rommet, som hadde ein temperatur på i overkant av 30 grader (noko som var gjengs for dei fleste romma denne helga) med stæsjet måtte eg ringje mammao og finne ut kvar ho (og dressen min) var. Avgårde kåre ned eit par etasjar, inn døra og gripe etter dressen og så uppattete.
Kvifor mammao og papan hadde dressen: skulle eigentleg dusje på kottet deira, men så vart suiten ledig til alle føremål (ikkje berre bagasjeoppbevaring) og då vart det litt enklare å dusje åleina. Like greitt kanskje, tippar mammao hadde vorte litt stressa av at eldste gutungen som skulle gifta seg hadde svinsa rundt på rommet hennar i boxaren knappe timen før Sigrid komande svigerdotter skulle gå opp kyrkjegangen.

Dusjen vart gjennomført, ansiktet var skrapt før dusjen, det einaste problemet var at eg sveitta meir enn eg greidde å tørka meg. Og eg sveitta ikkje fordi eg var nervøs, men fordi det var ein vanvittig høg luftfuktigheit på rommet og ditto høg temperatur. Løysinga, som iallfall funka 28 %, vart å opna døra ut i gangen og satse på at ingen kom forbi medan eg stod og tørka meg. Liten sjanse for at nokon skulle kome forbi òg, sidan suiten vår var i gangenden saman med bryllaupssuite nr 2 (men der satsa eg på at det ikkje var folk akkurat då).

Nydressen vart teken på, dvs nye, blanke sko (som gjorde at eg hadde sportstape på hælen), nye sokkar (tynne og veldig gode å ta og kjenne på...), ny buksa, ny skjorta (knallande kvit og handvaska og stroken tidlegare i veka), og så den flotte vesten som vart innkjøpt på Hamar ein gong vinteren 2008/09. Slipset hamna rundt halsen og eg var veldig glad for at knuten var knytt kvelden i førvegen så eg slapp stresset med å få perfekt knute rett før kyrkjeturen.

Sekken vart pakka, dvs stort sett berre drikkevatn og mobil. Jakka vart plassert på armen sidan det a) var veldig varmt også utan jakka, og b) vesten måtte strammast på ryggen. Eg tok sjansen på at eg kom til å møte nokon i heisen (som forøvreg var den varmaste staden på hotellet denne helga og det seier ikkje så reint lite) som kunne hjelpe meg med vesten. Og jepp, kven var det ikkje som rusla inn i heisen andre enn sørvestlendingane Bente Helene og Stanley.

Kusine Bente Helene vart dermed redninga før eg konstaterte at Frode og Anne M ikkje var i lobbyen og då telefonen byrja å ringje skjøna eg at eg måtte kome meg ein etasje ned. Der venta sjølvsagt forlovaren min og sambuaren hans og no var det ingen veg attende og dermed ut av kjellaren og så greidde han venstresvingen ved kinoen og deretter var det grei skuring til sjåføren fann ein veldig fin parkeringsplass på Kirketorget (der det var avgrensa med p-plassar grunna Tubaloonen).

Anne M knipsa to staselege mannfolk i sin beste alder og skrud og me loffa bort til gjengen som stod i spreidd uorden framføre den sørlege inngangen til kyrkja på Kongsberg. Her var det mykje kjentsfolk (surprise, surprise) og det var jo kjekt at så mange hadde møtt opp til denne hendinga. Signe fekk huka tak i meg og Piet fekk det ærefulle oppdraget med å feste knappholsblomen (som ikkje vart festa akkurat på knappholet, men det gjekk sikkert bra) på meg.

Me såg at Kjersti og Johannes dreiv med fotografering ute, så då rusla eg og Frode inn. Lena og Petter stod klare med programma (eg har så snille søsken (seriøst)) og kyrkja såg ut om lag som kvelden før. Heldigvis var det litt betre plass mellom stolane der me skulle sitte enn under øvinga. Me fekk huka tak i presten og klargjort at Frode og Aase skulle stå under ekteskapsinngåinga (Aase lurte litt på det nemleg, og lurte ikkje mindre sidan presten kvelden før hadde sagt at dei ikkje skulle stå, men så igjen fann me jo ut at Frode måtte jo reise seg ein eller annan gong sidan han hadde ringane).

Neste oppgåve var å ordne med kamera og Hans Petter vart hanka inn og Petter fiksa stativ, og dermed fekk teknofyren på plass filminga frå Bergmannslosjen. No kunne eg endeleg sette meg ned og slappe av, berre for å oppdage ein flott liten Boss-logo på dressermet... Nuvel, ingenting å gjere med det uansett kor irritert eg vart på meg sjølv. Tante Astrid knipsa og styrte på. Det hadde seg nemleg slik at sidan besten ikkje hadde høve til å kome i bryllaupet, så fekk bryllaupet kome til han. Det løyste tante ved å jamnleg blogge gjennom heile bryllaupet (=tok bilete med mobilen og la ut direkte) og besten på nærare nitti sat heime og følgde med på pc-en:-)
Stillheita senka seg (nesten reine St Lucia dette) og slektene sette seg på kvar si side (alt etter protokoll) og me venta. Og venta. Og venta.

Så vart nedre del av døra opna og eg såg dermed nedste del av kjolen. Så gjekk det aldri så lang tid før brudemarsjen vart sett i gang og me var verkeleg i gang og alt det der. Veldig kort innmarsj før verdas flottaste jente stod framfor meg med eit herleg smil, men eg greidde no å nyte det så lenge det varte. Hugsar òg at eg tenkte at marsjen ikkje var heilt slik eg hadde førespegla meg (Trumpet voluntary).

Presten hjelpte meg plutseleg under inngangsordet, for eg var såpass nervøs/stressa at eg hadde gløymt kva me skulle gjere under ekteskapsinngåinga. Eg hugsa kva som skjedde ved overrekkinga av ringar og forbøna (ned på kne), men måtte altså ha hjelp til å skjøne at ekteskapsinngåinga kort og greit innebar at me sa ja to gonger kvar...


Første salmen gjekk som venta, det var knapt nokon som kunne den, og volumet vart deretter. Så var det Aase og Frode som skulle i elden med skriftlesning, bunadskledde båe to, og det gjekk bra og Frode var nok særs letta då han sette seg att. Ny salme og betre volum med kjend salme. Ein eller annan gong høyrde eg eit smell i ei dør og ei dør som opna seg på slekta mi si side, så eg antok at det var ein av Lena sine som prøvde å dette ut (noko som i ettertid synte seg å stemme).

Presten held tale og eg er så heldig at eg kan sitte å sjå rett på brura:-) Så er det fram og me seier ja (med mykje knipsing i bakgrunnen). Eg gløymde å sjå på Sigrid då eg sa ja, men trur ho òg gløymde å sjå på meg. Vart visst litt for lett å sjå rett fram... Så kom Frode fram med ringane og det gjekk som venta: det vart ei lita jobbeøkt å få ringen på fingeren til Sigrid, trass i juksing med fuktigshetskrem. No kunne eg endeleg få sitte ved sida av kona mi:-)

Tone Luise sang nydeleg "Mitt hjerte er ditt", som var ein av fleire linkar denne dagen sidan den er omsett av Prøysen som jo var ringsaksokning. Kjende ein heftig klump i halsen då eg prøvde å smile under sangen, så då enda eg opp med å sjå rett fram med stivt blikk istadenfor. Forbøna gjekk som under øvinga, dvs at presten måtte minne meg på at eg skulle vere rett i ryggen.

Attende på stolen, ny salme, nok ein kjend og det lyder bra, men tankane er nok ikkje berre på salmen... Velsigninga kjem, presten kjem rundt og gratulerer, Aase hjelper, nok ein gong, Sigrid med slepet, eg kjem på rett sida av kona mi, og bruremarsjen frå Sogn (veldig fin) durar ut og me får ein kort, men fin tur ut kyrkja. Slepet (Sigrid sitt) heng seg fast i døra, men med litt kløkt går me vidare og finn ein fin plass ved døra og tek imot gratulasjonar frå alle gjestene. Det vil seie at det vert gratulerer, tusen takk, gratulerer, tusen takk osv. Bomma berre ein gong med takkinga, då presterte eg å seie gratulerer istadenfor. Fort gjort...


Takkinga vart no ferdig og me kom ut på trappa for obligatorisk feiring og fotografering. Endeleg vart det eit kyss eller to òg. Og bilete av oss, bilete av oss og forlovarane, bilete av oss med foreldre, med søsken osv. Når alle var leie og me håpa at nokre av bileta vart bra, var det tid for å helse på kusk og hest. Sigrid fekk, som alltid, hjelp av Aase og fann seg godt til rette. Skulle tru ho hadde prøvd før:-) Eg kom etter og tykte straks at her kunne eg sitte.


Etter litt venting (me hadde jo god tid, så ingen grunn til stress) bar det avgarde og me vinka verdsvant til høgre og venstre, fotografane knipsa og ungar og vaksne vinka dei òg. Det vart ein kort rundtur på vestsida før me passerte nedanfor kyrkja og fekk vinka til somme av gjestene før me spann ned og bort og over Nybrua til sentrum. Her vart det reine paraderinga i gågata og vinking og smiling til ein bråte ukjende både her og der. Litt stiligt eigentleg;-) Etter ein rundtur her òg var det over brua att (møtte sjølvsagt ein del av gjestene her og vinkinga heldt såleis fram) og bort til Bergverksmuseet som vart runda før me enda opp på Kvarten der me skulle møte fotografen (Stine Løvli).

Me kom ei stund før avtalt tidspunkt, men så lenge vogna hamna i skuggen var det greit. Må òg nemne at hestogkjerreturen var første gong eg fekk prata med kona mi denne dagen, så me hadde det gysla kjekt der me pratte om kva me hadde gjort på føremiddagen og korleis det var i kyrkja. Eit par venninner av Sigrid kom og gratulerte, og Aase hadde ei framsyning av "korleis amme iført bunad".

Me vart forresten også følgde av ei dame som skreiv artikkel om hesten (han hadde vore i Operaen) og ho håpa at ho skulle få den (artikkelen altså, ikkje hesten) på trykk i Hesteliv (som eg og Sigrid ikkje akkurat abonnerer på). Ho fekk sjølvsagt lov til å ta (med) nokre bilete av oss òg. Trur ikkje me gjorde skam på hesten!?

Fotograf Stine dukka opp, før tida, og då var det berre i gang med posering, smiling, hold handa der, smil, gå bort dit, kan du gjere ditt, kan du datt, osv osv osv. Men det var jo det med betalte ho for, så det var berre å henge på. Var livredd for at smila skulle virke unaturlege, men det var fort for når ein skulle holde maska i ti sekund i slengen. Frode K lurte nok på kvar det vart av oss, for han dukka etter kvart opp... Fotografering tek tid.

Etter langt om lenge var me ferdige på Kvarten (først bilete med hesten, deretter utan), og då var det bort til Bergverksmuseet der det vart bilete på brua på oppsida og ved muren nedanfor og på ein haug nedanfor, før det var bort til Nybrua der det òg vart nokre bilete. Frå museet og bort til brua sat me på med Frode K og eg har aldri vore så glad for eit airconditionanlegg:-)
Ved Nybrua vart det òg nokre bilete, før det endeleg var bort til studioet på vestsida for bilete innandørs. Frode og Anne M. (som dukka opp på brua) slappa av i bilen, medan me slappa av inne (inntok væske og den som ikkje vart knipsa stod tilfeldigvis framfor ei vifte). Det tok ikkje så lang tid før me var ferdige innandørs og takka fotografen, og kom oss ut i bilen til Frode og Anne M og aircondition og bort til hotellet og party party party.

Av naudsynte årsaker vart det ein tur på hotellrommet først, og Sigrid fekk gå først inn døra sidan eg hadde vore der før. Eg hadde sjølvsagt ikkje sagt noko om korleis rommet var pynta, så det var no litt stas. Roseblad på golvet, fruktfat osv... Det som ikkje var stas var at temperaturen framleis var over 30 grader på rommet. Smått om senn var me så klare for å innta Birger Ruud-salen. Ut døra, ned gangen og inn i heisen. Nokre etasjar ned og ut og bort og så var det å passe på å vere rett i ryggen. Resten (dvs smil og å holde Sigrid i armen) var enkelt.

Eg visste strengt tatt ikkje heilt kva me skulle gjere eller kva som skulle skje, men helste no rundt oss og gjekk inn i salen der me, ikkje overraskande, vart hyggeleg mottekne. Me var seint ute så det vart ingen velkomstdrink på oss, men får tru gjestene hadde hatt det kjekt medan dei venta. Eigentleg var me ikkje så kjempeseine, me hadde signalisert til hovmeistaren at forretten nok ikkje vart å servere før rundt halv seks.

Sigrid skulle ønskje alle velkomne, men sidan ho ikkje sette seg gjorde ingen andre det heller, før ho klirra på glaset og høfleg ba oss få røvi på stolen. Ho hadde ikkje så lyst å setje seg for så å reise seg att med DEN kjolen... Ho ønskte velkomen, og ga ordet vidare til Frode toastmaster. Han gjorde jobben sin med glans, både ved første høve og resten av kvelden.

Forretten kom og eg innsåg at eg ikkje var så svolten, men greidde no å tøme fatet. Hovudretten vart enno verre og det var nok medverkande at eg skulle holde ein liten tale. Først ut, etter at me hadde fått i oss litt av steika, var Svein og når han var ferdig, måtte Frode toast tøye meg litt til før eg fekk ordet.

Kort oppsummert trur eg det gjekk bra, oppdaga rett nok dagen derpå at eg hadde hoppa over ein liten del av det eg hadde førebudd, men lika loll. Greidde heldigvis å hugse å nemne at brureparet gjerne vert med dersom nokon ville gå ein (eller fleire) av turane i turvegvisaren vår. Bakgrunnen var eigentleg at Frode toast tidlegare på dagen spurte om eg hadde tenkt å seie noko om turvegvisaren og då vart det slik.

Då talen var over og applausen hadde lagt seg, og eg hadde sett meg, kjende eg at det som hadde vore sommarfuglar på fredagen, to-tre måsar på føremiddagen og rett før talen ein diger albatross med fullt vingeutslag i magen, no var vekke som dogg for soli. Eg hadde kanskje fått eit snev av matlyst òg :-) No kunne eg berre nyte resten av talane og songane.



Så tusen takk til alle som hadde laga songar eller sa nokre velvalde ord: Lena som las dikt, song frå Tone Luise (veldig overraskande sidan ho jo sang i kyrkja), Christa og Piet som hadde eit kjempeshow på litt norsk og mest tysk (Christa sjarmerte alle med norsken sin), papan og Svein med sine obligatoriske talar (Svein var høfleg nok til å ta føre seg Sigrid sine år frå 0 til 20), Aase Kristine (som så tok føre seg Sigrid i studietida++, og heller ikkje lot seg affisere av ungeleiken på golvet bak ho, og som ga oss ei ekstra gåve med tolv "brev" som me skal opna den 27. i kvar månad første året), song frå foreldre*2, song frå Sigrid (som eg jo hadde jobba iherdig for ikkje å sjå på førehand, men akkurat DET var nok ikkje like viktig som ikkje å sjå kjolen) og sist, men ikkje minst Frode forlovar sine gode ord.

Må kommentere ein liten ting: Frode omtala turen der eg og Sigrid traff kvarandre som singeltur i DNT-regi. Han var nok i praksis ikkje langt frå sanningi, sidan det berre var ein deltakar på turen som ikkje var singel, men eigentleg var det ein tur for aldersgruppa 25-35 år (DNT har nokre slike turar for dei som ikkje har lyst å gå på tur med kjipe 60-åringar).

Desserten var knallgod (sjokolade er ALLTID godt og ein trygg vinnar) og bordsetet vart fint avrunda av papan sidan ingen andre ville ta på seg den oppgåva. Me skulle eigentleg rett på polonaisen, men såmm diffikøltiezzz med teknologien/elektronikken drog det heile litt ut. Like greit, så fekk me endeleg tid til litt uformell prating (i tillegg til ein etter tilhøva kjapp tur på suiten).

Petter tok ein grufull sklitakling med noko dårleg musikk, før Christa og Piet kunne byrje på polonaisen. Somme stakk seg unna, men dei fleste vart med. Såg ein yngre slektning som var modig nok til å gå med ei ukjend dame, veeeeery gooood! Polonaisen vart eit artig innslag og akkurat passe oppvarming til kveldens neste høgdepunkt, nemleg valsen.
Antar alle fekk med seg at valsen var "Rose of Killarney". Heldigvis hadde me bytt frå "Sjösalavals", for Killarneyvalsen var rask nok den. Som med talen trur eg at eg kom frå det med æra i behold, og håpar Sigrid kom frå det med tærne i behold òg (to trakk i løpet av dansen, men det var det ingen som såg som det heiter, og det var no berre såvidt eg subba borti godjenta).

Då var det over på noko eg hadde gleda meg veldig til i kjempelang tid, nemleg KAKENE! Me var jo så heldige at me alt hadde prøvesmakt litt ymse innhold til bryllaupskaka, så difor byrja me med den. Kan vere at tradisjon og skikk og bruk også var med i biletet. Trur me gjorde det ganske enkelt med skjeringa og Sigrid tykte det var greit at ho fekk byrja med å fôre meg.



Kaka var god så det vart eit par bitar, medan blitzregnet stod på, før det var min tur til å mate ho. Ho var veldig svolten så eg trudde nesten ho aldri ville gje seg... Då var det å plukke med seg litt av kvart og nyte kake og drikke. Det var godt, men må innrømme at matlysta ikkje var heitl på topp. Ville normalt ete langt meir (ryktet som kakemons må jo oppretthaldast), men vil ikkje magen meir, så vil ikkje magen meir. Det var no okke som mykje gode kaker og det såg ut som alle treivst og fann noko dei likte (Tusen takk til alle som bakte kaker:-)).

Når kake-, brus- og kaffifesten var over (dvs det stod att kransekake, sjokoladekake og krydderkake som nattmat), var det på han igjen med svingom. Dermed Christa og Piet føre og eg og Sigrid etter i polonaisen. Ein eller annan gong undervegs forsvann me i ei anna retning enn dei, men etter eit par minutt var me i rekkjene att. Ny vals dura av gårde, no med mange fleire på golvet og det var jo veldig kjekt.

Resten av kvelden og delvis natta gjekk no mellom anna med til å få helse på og bli litt betre kjend med nokre av Sigrid sine slektningar, men det vart alt for lite tid til å helse på alle så det må nok gjerast nokre husvitjingar rundt om i søre del av Noreg for å kome i mål. Fekk no sjølvsagt pratt mykje med eiga slekt òg, det er jo ikkje kvar dag alle er samla. Må nemne at det var kjempekjekt å få treffa Olaug og Joao som det var alt for lenge sidan eg hadde helst på.

Gåvebordet vart sjølvsagt besøkt fleire gonger, og det var ikkje måte på kva me hadde fått frå nær og fjern og enda fjernare. Den mystiske pakka som hadde stått på trappa om morgonen viste seg å vere eit veldig flott fat frå ein kamerat av svigerfar.

Eg var litt nervøs for å få ansvaret for å ta av sløret til Sigrid (kven andre sitt liksom?), så den biffen fiksa Aase før ho forsvann for kvelden (akseptert grunn var at det var langt til Ålebyen dagen etter).

Me hadde eigentleg planar om ein liten takk for i dag tale (med takk til alle som hadde hjelpt oss med bryllaupet, dvs mellom anna plukka blomar og sett saman i oppsatsar, bakt kaker, delt ut program i kyrkja, filma både her og der, teke bilete både her og der (Kolbjørn var innleigd som superfotograf i tillegg til alle andre friviljuge), laga sangar, holdt talar, ikkje minst for min del mange takk til Frode forlovar for både tur til Engerland og for ein veldig god forlovarjobb, og mange takk til Frode toastmaster som sydde det heile saman på ein perfekt måte, Tone L for sang i kyrkja, svigerfar for skjortestryking, DJ-ar for musikkstyring, Christa og Piet for transport og ikkje minst polonaisane (og mykje meir) og alle andre som var med på å gje oss utruleg mange gode minne frå bryllaupsdagen vår) slik rundt klokka ti på to, men før den tid hadde mange alt takka for seg.
Det enda faktisk opp med at me var med og rydda litt saman med personalet, før også me kunne sikte oss inn på soverommet (=suiten) etter ein veldig lang, men utruleg minnerik og flott dag.
(PS: Bileta i denne bloggen er knipsa av Astrid (7) og Kolbjørn (1))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar