laurdag 11. juli 2009

Førebuingane til den STORE dagen - del 2

Me flaug inn på tunet til Signe og Svein godt utpå kvelden den 20. juni, etter å ha besøkt verandaen til tante Inger i Nittedal, betalt nokre kroner i Oslobommen og fått oss ein god vegkromiddag i Lier.

Det som var att av laurdagen gjekk i ro og fred, før me sov aldri så godt og lenge og fortent på søndag. Det vart ingen fellesfrukost akkurat med Signe og Svein på søndag, det hadde vel i såfall vore lunsjen deira. Søndagen gjekk med til å fikse fleire bordkort, dvs vaske steinar, leggje dei til tørk og deretter skrive namn. Me bomma sjølvsagt med eit par namn, men tok oss pent inn att sidan me hadde nokre reservesteinar. Kvar steinane kom frå? Tja, det er ikkje lov å ta med stein frå nasjonalpark så det gjorde me sjølvsagt ikkje. Men at ein del kom frå fjellet er nok sant, i tillegg ordna Svein nokre av dei. Vidare brukte Sigrid søndagen til å bake kaker, nærare bestemt sukkerbrød og terte. Og nokre feil i turvegvisaren vart oppdaga, men sidan det var trykt i 64 eksemplar måtte eg berre akseptere at nokre linjer hadde forskyvd seg og hamna på feil tur og at Svein også var medlem i hyttestyret på Sigridsbu.







Måndag var me stad i banken og veksla inn sparegrisen vår. Utbytet var 816 kr, noko som kjapt vart brukt på nye joggesko til Sigrid (ikkje alt, men...). Me var innom Grand (for første, men definitivt ikkje siste gongen denne veka) for å avklare litt kring blomar og kaker, og me henta pakke på Rimi. Og det vart øvd på brurevals (heller ikkje for siste gong). Så eigentleg ein passe roleg dag.
Tysdag var det berre fire dagar att, men nervene var framleis rolege. Sigrid var ein kjapp tur i byn og stussa sveisen bittelitevetta (og knapt det), før ho laga ei suverent god sjokoladekake. Midt i kakelaginga kom Christa og Piet på besøk og vart heldigvis verande til me forsvann til Brumunddal seks dagar seinare. Eg sat nok og skreiv litt på talen denne dagen, og prøvde å få kontakt med forlovaren min (i nokre dagar var me flinke til å ringje kvarandre når den andre ikkje tok telefonen). Og så handvaska eg den fine skjorta eg skulle bruke på den STORE dagen. Før Christa og Piet kom var det ein papirsjau sidan dei skulle bu i atelieet som me til no hadde brukt som lager. Kyrkjeprogrammet var no godkjent og ferdig utskrive, så her vart det nitidig nøyaktig bretting, mesteparten utført av Sigrid.




Skjortevask :-)
Onsdag vart musikken klar og ferdig, med ei speleliste på 51 lydspor. Lydspora inkluderte to polonaiser, sju valsar, noko swing, noko salsa og elles mykje bra musikk (Hellbillies, Katie Melua, Nightwish, Bakklandet Bassangforening, Lava (med Randy Crawford), Secret Garden, Mods, Dire Straits etc). Det einaste som ikkje var klart, var kven som skulle vere DJ, men eg rekna med at papan eller Kolbjørn gjerne tok på seg den (sidan alternativet var å vere med på polonaisen...). Talen var enno ikkje ferdig, men eg byrja å sjå lyset i enden på tunnellen. Mogleg det var varsellampene eg såg, men... Blomane fekk sin første prøve då det vart laga eit prøveoppsett som alle var samde om var bra. Skjorta og slipset vart strokne, med assistanse frå Svein. Jammen vart det ikkje tid til eit slag med "Ticket to Ride" òg, der me fekk med oss Svein og Piet. Vinnar vart, tam-da-da-ram: Sigrid.




Torsdag kunne me konkludere med at bryllaupet vart kunngjort i både Sogn Avis og Laagendalsposten,. så stadig fleire bruer vart brende bak oss:-) Me kunne òg konstatere at nokre av blomane ikkje likte natta så det måtte litt områing til om kva som måtte til. Svaret var minst mogleg eksponering i 30 varmegrader! Og medan Sigrid ikkje såg så mørkt på det med gloheite varmegrader på bryllaupsdagen, var nok eg litt meir bekymra for kor varmt det ville bli innanfor dressen.. Og, hey hey, talen vart skriven ut. Ingen veg attende no.
Fredag og eg byrja verkeleg å kjenne nokre små sumarfuglar som svevde rundt i magen og kom borti sidekanten innimellom. Som seg hør og bør eit komande ektepar, brukte me føremiddagen til å plukke blomar i veggrøftene på Tislegård. Heldigvis hadde me hjelp av Christa og Piet og Svein og Åse (ikkje forlovar-Aase altså). No hadde lustringane byrja å dette inn på Kongsberg, men ingen hadde lyst å besøke oss denne dagen. Dei trudde vel at me var stressa...



Sigrid rakk såvidt å fylle blautekaka før me, inkl pappa Svein, måtte på øving i kyrkja. Der traff me òg Kjersti og Johannes som skulle gifta seg ein time før oss. Det viste seg forresten at verda som vanleg er lita: eg gjekk på NHH saman med Ingjerd, forlovaren til Kjersti, der me begge var aktivt med i friluftsgruppa (eg var òg hare for Ingjerd på stafetten i 2002 då ho hadde førsteetappen dag 2 kl 6 om morgonen gjennom Voss sentrum). I kyrkja fekk Sigrid og Svein øve på å gå saaakte (til slutt eg og Sigrid) sidan midtgangen er kortare enn ein normal skulebuss i Bøverdalen, me fekk innføring i stolleiken og lærte å seie ja. Og eg lærte å vere rett i ryggen under forbøna.
Heime att var det tid for å sette saman blomane i flotte oppsatsar. For at blomane skulle holde seg måtte denne seansen i sin heilskap føregå i kjellaren. Då me var ferdige med åtte flotte oppsatsar, vart det Piet som var den flinke og fekk laus terta som hadde frose bom fast i kakeforma (var reine tundraen nokre timar). Me hadde eigentleg venta mammao innom for kremlaging, men ho og Laila hadde visst hatt med seg miksar og gjort det sjølv på hotellrommet (synd ingen filma den seansen, har høyrt noko om krem i alle retningar og handklede for å dekke til...).
Så måtte Piet stille opp med rydda bil slik at me fekk køyrt blomar og kaker til Grand. Her fekk eg endeleg helst på halve slekti mi som hadde benka seg på utebaren med kald drikke. Toastmaster Frode var òg der, og eg fekk avtalt at me skulle snakkast laurdags morgonen. Og ikkje minst fekk eg og Sigrid helse på forlovarane våre, og ikkje minst atte så fekk me endeleg sjå Guro. Forlovarane virka, etter forholda(?) rolege og stødige, sjøl om Aase ikkje heilt visste kva tekst ho skulle lese i kyrkjo. Det vart ein veldig hyggeleg kveld før me rusla bortover Kapermoen den siste kvelden som ugifte. Vel heime var det stilt, berre Signe var oppe. Sidan Sigrid skulle sparke meg ut før kl 8 laurdagen (vekking 7.30) måtte eg pakke ein del ting før eg endeleg fekk lagt meg. I tillegg til å lage slipsknuten så eg ikkje måtte stresse med den kl 13.58 laurdagen... Og me slokna ikkje før klokka var passert 0.30, me som i eitt år hadde vore tydelege på at natta før bryllaupet måtte me få minst åtte timar søvn slik at me var utkvilde...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar