søndag 4. oktober 2009

Bryllaupsreise - dag 2! Kilkenny (Cill Chainnigh)

Første dagen me vakna i Eire, og me sov veldig godt. Mobilen tuta kl 9, Sigrid var kjapt innom dusjen, og me nådde greit frukosten som var open til kl 10. Til å vere britisk frukost, så var det zum unserer Überraschungen sehr gut. Det vil seie: buffet med det vanlege i britiske land (egg, eggerøre, bakon, toast, blodpudding), men heldigvis òg "vanleg" loff, scones med rosiner (Ørjan var som alltid glad for rosinene), jogurt og ein bønsj med pålegg. Frukost eten, og tenna pussa og ut døra med nasen i retning slottet, dvs med ein liten snu bortom turistinformasjonen (TI) som dei turistane me var.

Det var kort veg både til TI og slottet, så dermed var me på slottet før kameraet fekk sagt "hei". Framom slottet stod det eit partytelt som gjorde det hårreisande vanskeleg å ta eit vetigt bilete av slottet utan at teltet vart med. Me gjekk først ein runde i parken sidan veret var litt usikkert (som alltid i Eire) og tok nokre bilete her og der. Fekk nokre brukbare bilete av slottet der eit tre dekka for det meste av det tidlegare omtala partyteltet:-)

Kilkenny Castle (partyteltet nokonlunde skjult av ei stor busk)

I enden av parken såg me ein skulptur som likna, tja kva skal ein seie, noko slikt som "ein halv skomakarlest" (sitat Sigrid). På veg attende til slottet passerte me ein leikepark, men vaksne hadde berre adgang i følgje med ungar.


Playground for children

For å rusle rundt inne på slottet måtte me opp med portemonèen, men slapp litt rimeleg unna sidan Sigrid var student. Me fekk med oss eit infoark på engelsk om slottet då me starta vandringa. Det var forresten ikkje lov til å ta bilete innandørs, i og for seg greit, men då må dei no i det minste ha vet til å selje postkort/bilete/bøker etc ein eller annan stad på slottet slik at me kan få litt hjelp når me skriv blågg.

Nu vel, som Yngvar H seier, me følgde no den oppsette runden og var innom ymse rom, mellom anna såg me eit soverom med tilhøyrande bad (visst nok eit av dei første soveromma i landet med slike fasilitetar), me gjekk opp og ned trapper, såg galleri, såg guidar som var mest opptekne av å lese bøker sjølv når turistar inntok deira revir og me var innom eit bibliotek (med bøker).

Så stod me plutseleg ute, utan å ha sett snurten til postkort osv, jf ovanfor, og fann ut at me ville rusle rundt på bysida av slottet. Der var det ein alldeles nydeleg rosehage med fontene og det vart vel teke minst hundre bilete (hovudsakleg fordi Sigrid prøvde ut ymse finesser på spegelrefleksen).

Hageanlegg


Rosehagen


Kilkenny Castle sett frå rosehagen


Utsyn frå Kilkenny Castle mot byen og River Nore (Noreelva)

Når me langt om lenge var ferdige i parken gjekk me ut av slottsområdet og inn på Kilkenny Design Centre (me er jo opptekne av både prekambrisk og moderne design båe to) der me forresten hadde lyst til å ete middag same kveld. Bui hadde mykje kjekt å ha, men det vart ikkje så mange kjøp (for Ørjan vart det ein julehandel for lite, han angra fæle etterpå at han ikkje kjøpte ------- til -------).

Me rusla vidare ned i sentrum på jakt etter lunsj og fann ein triveleg liten kafe i andre etasjen på ein bokhandel. Sigrid fekk endeleg brunt brød, og dermed sandwich med ost og salat (og som ofte i Eire: chips ved sida av). Ørjan nøydde seg med panini med kylling (utan majones) og appelsinbrus. Sigrid drakk forresten vatn. Då maten var vel fortært gjekk me ein runde i bokhandelen.

Turistinformasjonen

Vidare bar det til TI der det skulle vere oppmøte for guida byvandring. Me møtte tjue sekund før, men det var ingen andre der. Sigrid måtte ta ansvar, forsvann inn i TI, og kom att eitt minutt seinare, litt oppgitt, og ba Ørjan få **** i gir, for oppmøte var på baksida... Guida byvandring var ein veldig fin måte å bli kjend i byen på, og for å få eit innblikk i historien til byen som trass alt var hovudstad ein gong (for deler av Eire frå 1642 til 1649). Guiden var slik nokonlunde ok å skjøne, men noko vanskeleg med trafikkstøy rundt oss. Me passerte òg eit bryggeri der me kunne konstatere at bryggerilukt er dårleg lukt. Det var sjølvsagt nokre kyrkjer på programmet, og me la for sikkerhets skuld att litt €.


Vår lokale guide

Irske dører (lovely!), Sigrid vil ha slike heime

Pubar i all sin fargeprakt


Black Abbey (Svartkloster (i Noreg har me Lysekloster))

Då guidinga var über, ville me vitje den største kyrkja i by'n og gjekk til den første og beste me kunne sjå der me stod. Du skjønar sikkert at det var feil religionshus me gjekk til, men St Mary's Cathedral var no fin den òg. Så gjekk turen til St Canice's Cathedral som var stor og diger og svær med eit høgt tårn framom. Me fekk rabatt i kyrkja sidan det var seint på dagen (om lag som i Sogndal i gamle dagar når einskilde kom til andreomgangane på haugadn, bortsett frå at då var det gratis), men hadde no likevel 80 minutt på å sjå oss om, noko som var rikeleg med tid. Det høge tårnet fekk stå i fred for oss, viss me ser vekk frå at det kom med på nokre fotografi...


St Canice's Cathedral

Klokka var no blitt ein del og magane tykte det var lenge sidan lønsj, så no var det på høg tid å finne ein etestad for to svoltne ringsaksokningar. Eigentleg såg me først etter eit klistremerke med Kilkenny på, men TI var stengt. Designsenteret var vår prefererte etestad, men på matavdelinga var det myrkt og attlate, og sidan Ørjan hadde eit sterkt behov for literombesøk vart det heller ikkje no ei julegåve på ------ sidan alt var stengt når literombesøket var over.

Me enda til slutt opp i andre etasjen på ein kafe der det i tredje etasjen var eit ubegripeleg lass med stæsj. Dagens middag var lasagne til guten og kylling innbakt i smular til jenta (sistnemnde smakte isje godt). Kvelden var ikkje heilt over når måltidet var over, så litt tid til vanleg shopping vart det. Ørjan kjøpte seg ein herleg speedo (heldigvis type boxer) som han ikkje prøvde på bui, og det vart handla sikringskost (kjeks og vatn) til tog- og bussturen komande dag.

Ørjan sjekkar dagens lottokupong

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar