Etter 15 minutt kom bussen, ein lokalbuss me hadde fått beskjed om at køyrde til flyplassen. Det gjorde han òg, det var berre det at sjåføren nekta å ta imot setlar! Han ville berre ha mynt, og me måtte difor gå gjennom heile sentrum og bort til busstasjonen (Busaras) der me tok flybussen. Flybussen kosta det doble av det lokalbussen ville ha kosta, men tok no i det minste setlar (eller var det difor den tok setlar kanskje...).
Fly på Dublin Airport (Aerfort Bhaile Átha Cliath)
Vel framme på flyplassen gjekk det meste greit, og me fekk god tid til ekstra frukost og tax-freeshopping. Eller, det vil seie, det vart lite shopping, for me konstaterte at prisnivået ikkje var særleg å skryte av. Inn på flyet var det herleg å få ferske norske aviser og flyturen gjekk elles også veldig fint.
På Gardermoen nådde me akkurat toget heim til Brumunddal, men ikkje før me hadde vore innom tax-free-en og kjøpt inn litt til bryllaupsvennefesten i september (sprudlevatn og snop). Togturen, og den påfølgjande trillinga av trillekoffert heimatt, vart ei fin og roleg avrunding av ei flott og minnerik bryllaupsreise :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar