måndag 5. oktober 2009

Bryllaupsreise - dag 3! Nok ein reisedag

Ein heil dag i Cill Chainnigh meinte me på førehand var nok, og det var det vel eigentleg, trass i diverse turistfeller. Difor var det høvesvis tidleg opp denne dagen, alt kl halv åtte var me i frukostsalen og forsynte oss. Toget til Waterford skulle gå kl halv ti (eller for å vere presis; kl 9.29), men me var på skysstasjonen mykje tidlegare (surprise, surprise). Me kom så tidleg at billettluka ikkje var open og me måtte vente ei stund før me fekk henta billettane våre.

Kilkenny Castle og River Nore

Bilete frå sentrum i Kilkenny ein tidleg sumarmorgon

Me er på rett veg

Eit kvarter før toget skulle gå, vart døra til perrongen opna, og for å vere heilt sikre så var det billettkontroll i den nemnde døra. Akkurat som NSB kom toget ti minutt før oppsett avgang og gjekk til korrekt tid. Toget tok knappe timen og var ein passe avslappande tur. Det var berre ein stopp på strekkja, i Thomastown (Balle Mhic Andáin). Og akkurat som NSB kom toget ti muinutt før rutesett ankomst til Waterford (Port Lairge).

Me kom, me såg og me reiste vidare. Alt på eitt minutt.

Waterford (Vassfjorden) sett frå nord

Waterford er ein middels stor småby ved sørkysten og dermed er det berre hav heilt til Frankrike og froskar og snegler. Togstasjonen i Waterford ligg på nordsida av Suirelva (River Suir) og sidan busstasjonen er på sørsida seier det seg sjølv at me måtte gå over brua som går over elva. Det var veldig dårleg tilrettelagt for at gåande skulle kome seg over, men med litt tålmod og tålmodige bilistar kom me oss over med trillekoffertane våre. Litt stopp vart det på vegen sidan det måtte knipsast litt.

Me tok turen innom TI, Sigrid brukte litt €, før me tok ein liten spaserrunde austover i sentrum. Det offentlege toalettet var på rett plass til rett tid, før me knipsa eit turistattraksjonsklokketårn og gjekk attende til busstasjonen langs marinaden.


Turistattraksjonsklokketårn

Der kom me til høveleg tid (dvs 20-30 min før avgang), bytte inn voucheren i to billettar og gjekk rett inn på bussen. Nokre søreuropeiske (kompromissord sidan Sigrid meiner dei var spanske, medan Ørjan hellar mot italienske) jenter underheldt med sang (dei sang mellom anna ketsjupsongen, noko Sigrid meinte tyda sterkt på spansk opphav) på bussen, der me elles nytta tida til å ta bilete av landskapet i kring.

Ein idyllisk gard mellom Waterford og Kilmacthomas


Kilmacthomas

Dungarvan

Utsyn mot havet ved Dungarvan

Hav og grønt

Kyr beitar i idyllisk natur

Det var ein solid omveg me tok denne dagen på veg frå Kilkenny til Killarney. Istadenfor kjappaste veg rett sørvest i innlandet reiste me til sørkysten og deretter vestover og nordvestover til Killarney (Cill Airne): Kvifor me gjorde det? For å sjå noko av sørkysten. Og det var eit godt val sjølv om det kosta oss noko slikt som € 10 ekstra pr pers.

Grønt og hav

Det er skilnad på flo og fjøre i Irland

Youghal

I Cork (Corcaigh) var det bussbyte og slutt på kyst. Rota litt når me skulle finne bussen (Cork er ein middels mellomstor storby), ikkje overraskande var me på feil side av bussterminalen (det er alltid ei framside og ei bakside). På bussen som skulle bringe oss til Killarney der me skulle vere nokre dagar, sovna me båe to veldig fort (lang dag, mykje reise, ferie etc). Vakna innimellom og konstaterte at landskapet skifta frå det bølgjande kystlandskapet til nesten fjell. Det likna litt på Vestlandet, sjølvsagt minus den feiande flotte Sognefjorden.

Bussen kom fram og me hadde vore på reis i mange timar, så det var fint at det berre var 5-10 minutt å gå bort til hotellet. Såg litt av det karakteristiske med Killarney, nemleg eit enormt tal med hestekjerrer (og ei solid skitstripe midt i vegen gjennom heile byen).

Hotellet hadde rota litt med bookingen vår, men betjeninga var triveleg og etter 15-20 min fekk me no eit rom. Dei kunne diverre berre oppdrive eit tvillingrom, men me kunne få dobbeltrom dagen etter viss me ville (jeeez, me var på bryllaupsreise... dumt spørsmål). Ørjan tykte at hotellet ikkje var like stilig som det bileta på nette ga uttrykk for, men det var så absolutt fint. Sigrid tykte hotellet var kult, stilig, nyskapande og moderne. Uansett var ikkje hotellet grunn god nok for å sitte inne, så ut bar det for å sjekke ut Killarney noko nærare.

Me var i løpet av ettermiddagen og kvelden innom minst 20 sjapper som selde turiststæsj (trekløver, Guinness, leprechauns etc), men lommeboka låg (førebels) trygt i jakke og sekk. TI måtte sjølvsagt vitjast. Der sanka me i hop ein bråte brosjyrer og kjøpte eit skikkeleg kart i rett målestokk for fjellfolk (1:50.000). Me bestilte òg båt- og fot- og busstur for påfølgjande dag hjå ein pratehjelp. For å vere på den sikre sida måtte me betale € 6 i depositum.

Me fann oss ein fin etestad der Sigrid inntok lasagne, medan Ørjan forsynte seg av bolognesen. Sigrid tok ein trygg dessert med is, medan Ørjan prøvde ut sitronsorbèen. Det viste seg å vere sorbè med sprit, så det vart med sorbèen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar