fredag 23. oktober 2009

Bryllaupsreise dag 6! Ny reisedag + symjebasseng

Til ferie å vere tykte nokon at det var litt tidleg opp vel mange dagar, og slik var det denne dagen òg. Frukostsalen vart entra kvart over åtte, og gjestene vart servet følgjande: Sigrid valte French toast (=arme riddarar med jordbær og bringebær), medan Ørjan sikra seg inn siste morgonen i Killarney med bacon, egg og toast. Begge hadde sjølvsagt frukostblanding i tillegg (Sigrid hadde òg jogurt).


Oppslag på togstasjonen i Killarney (Irland er veldig katolsk)

Utvetydig informasjon

Toget på veg inn til stasjonen i Killarney

Utsjekkinga gjekk smertefritt og det same gjorde den høvesvis korte spaserturen bort til togstasjonen (som ligg om lag vegg i vegg med outletkjøpesenteret me vitja dagen i førvegen). Billettkontrollen var på perrongen, toget kom (frå Tralee) i god tid og gjekk i rute (som sjefen til Ørjan sa til NRK då han vart spurt om korleis reisegarantien virka: "Vi garanterer at bussen kommer når den kommer!" Ikkje vits å lova meir enn ein kan holde...).


Venting på tog på perrongen i Mallow

Etter ein time på lokaltoget kom me til Mallow der me bytte over til ekspresstoget til Dublin. Det var kult å kome inn på toget og sjå at namna våre stod på ei tavle over plassane våre! Ingen andre kunne kome her og kome her og seie at dette var plassane deira nei.


Schtilig!

Sigrid prøvde toalettfasilitetene og kortversjonen er elektriske dører med elektronisk stemme, tynne vass-strålar (i vasken) og pulversåpe (og det var ei dame som ikkje hadde skjøna korleis ho skulle låse døra...).


Spennande å reise med tog

Togturen føregjekk stort sett i ein grøn tunnell, så me sat mykje og las bok. Det hadde seg slik at me sat rett i mot to middelaldrande damer (ladies) med eit bord mellom oss. Bordet var smalt, og Ørjan fekk eit herleg blikk attende då han trakka på tærne til den eine og i forfjamselen gløymde å seie "excuse me", eller i det minste "sorry". Det høyrer med til historia at dama såg veldig fornem ut og gjekk i pene sandalar.


Ladies (spesielt ho til høgre)

Dublin sentralbanestasjon

På stasjonen i Dublin var det ikkje lett å finne fram, så me nytta høvet til å vitje toalettet medan vi tenkte ut strategi for å kome oss til hotellet. Det enklaste er ofte det beste så me gjekk ut og tok bybanen til Abbey street sidan den stasjonen er nærast O'Connell bridge (bygd i 1880) som me skulle over (River Liffey renn under brua). Der var det mykje folk. Meir folk vart det etterkvart som me passerte inngangen til Trinity College (etablert i 1592) og kom inn i Grafton street som er ei heftig gåhandlegate. Kjekt å gå her, men litt stressande med trillekoffert og sekk.

Utsyn frå O'Connell bridge

Vestsida av Trinity College


Grafton street (legg merke til han midt i biletet som får betalt for å holde eit reklameskilt, det var mange reklameskiltholdarar i gata (dei mest avanserte hadde med stol, ipod osv...))

Me gjekk og gjekk og til slutt fann me hotellet vårt som synte seg å vere eit digert turisthotell. Det var, som venta på denne ferien, litt rot då me ville sjekke inn (dataen hadde gått ned), men etter tjue minutt var alt i orden og me fekk adgang til det som skulle vere basen vår i Dublin. Rommet såg ved første augekast bra ut, men då me vart kjent med det, vart det tydeleg at hotellet treng ei solid oppussing. Men det var i det minste ikkje glas mellom soverommet og badet.

Hotellet hadde symjebasseng og badekleda var i kofferten, og 2+2=4, så me rusla ned for å få vatn i øyre og nase. Me måtte bruke badehette, noko me fekk kjøpt på hotellet (sjølvsagt med logoen til hotellet). Det var godt å berre slappe av i bassenget og symje roleg fram og attende, dvs litt kjappare når det dukka opp ei middelaldrande dame som dreiv med symjeopplæring. Ørjan var særs glad for at det var fotoforbod i bassenget, sidan han var iført badehette og Speedoboxer;-).

Me sikta oss tidleg inn på boblebadet, men kjerringa som låg der, vart liggjande til ho likna ein kokt hummar. Men ho forsvann og me jumpa oppi. Det var veldig varmt vatn, hardt og Ørjan byrja av ein eller annan grunn å klø seg i augene. Ikkje som boblebadet på Alexandra dette nei. Så etter drøye fem minutt blant boblane fekk me erfare at vatnet i bassenget var kaldare og ikkje lenge etter var me på hotellrommet.

Kvelden vart nytta til å stikke innom turistinformasjonen rett før stengetid før me kryssa elva att for å finne postkontoret. På veg til postkontoret "oppdaga" me eit vanvittig høgt monument, The Spire / the Monument of Light / An Túr Solais. Monumentet synte seg etter ei kontrollmåling å vere 120 meter høgt (390 fot). Postkontoret var enormt, men Sigrid fann heldigvis ein skranke der ho fekk kjøpt frimerke.

The Spire (den kvite smale greia som er 120 meter høg)

Hovudpostkontoret i Dublin

Lite folk i Grafton street på kveldstid

Dublin Fusiliers Arch (frå 1904), den nordvestlege inngangen til St Stephen's Green

Stephen's Green Shopping Centre

På attendevegen var me svoltne på mat og etter seks dagar i Irland vart det den første (og siste) pizzaen. Servitrisa såg litt misbilleg på oss då me bestilte ei middels stor kjøtlefse på deling... Resten av utekvelden tok me litt bilete før det var på tide å bysselalle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar