laurdag 31. oktober 2009

Bryllaupsreise - Irland-quiz!

Bryllaupsreisa er over og i tillegg til mange gode minner, sit me att med nokre spørsmål om (små-)ting i Irland:

Kvifor er det klistremerke på dorullane?
I same kategori: Kvifor er det parfyme på dopapiret?

Kvifor har dei ikkje tannpirkarar?

I eit land med så mykje vêr, kvifor er det då nesten ikkje vermelding på tv?

Kvifor er det vindauge mellom soverom og bad på hotella? (vil helst ikkje vite svaret)

Kvifor går alle på Atkins-dietten?

Kvifor er det italiensk salat til alle middagssalatar?
Kvifor er det potetgull ved sida av lunsjen?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar